Hopp til innhald

Fagstoff

Laktoseredusert kost

Det er mange som meiner at dei ikkje toler mjølk, men berre eit fåtal av desse er faktisk allergiske eller intolerante for mjølk. Og i dei fleste tilfelle er det då laktoseintoleranse det er snakk om.
To små jenter drikk mjølk frå kvart sitt glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mangel på laktase

Dei som har laktoseintoleranse, har for lite laktase i tynntarmen. Resultatet er at mjølkesukkeret ikkje blir klipt opp, og at det dermed ikkje kan bli soge opp i tynntarmen. Sidan mjølkesukkeret ikkje blir soge opp i tynntarmen, passerer det vidare til tjukktarmen. Tjukktarmen kan ikkje suge opp laktose, og mjølkesukkeret vil derfor føre til irritasjon og diaré. Dei fleste laktoseintolerante vil òg vere plaga av magesmerter og luft i magen, sidan mjølkesukkeret blir brote ned til gassar av bakteriar som finst i tjukktarmen.

Forbigåande laktoseintoleranse

Ein stor del av befolkninga i verda manglar laktase og har derfor laktoseintoleranse. Det er òg viktig å vere klar over at personar som elles ikkje har laktoseintoleranse, kan ha ein forbigåande intoleranse for laktose i samband med, eller i etterkant av, diaré. Laktase er nemleg eit enzym som sit ytst på tarmtottane, og ved diaré, cøliaki eller andre skadar på tynntarmen vil det ikkje bli produsert nok laktase, noko som vil føre til ein forbigåande laktoseintoleranse. Dette er grunnen til at personar med ubehandla cøliaki ikkje toler laktose før etter at dei har gått på glutenfri kost i ein periode, slik at tynntarmen er lækt.

Ulik toleranse

Mens dei som har mjølkeallergi, må halde seg heilt borte frå mjølkeprodukt, er det ikkje nødvendigvis slik for dei som har laktoseintoleranse. To laktoseintolerante personar kan nemleg ha svært ulik toleranse for laktose. Mens nokre laktoseintolerante toler ein del mjølkesukker, finst det andre som reagerer på sjølv ørsmå mengder. Kosthaldet ved laktoseintoleranse må derfor tilpassast den enkelte sin toleranse for mjølkesukker.

Prinsipp i kosten

Sjølv om toleransen for laktose er individuell, toler dei fleste 2–5 gram laktose per måltid utan å få symptom. Mange toler langt større mengder.

Grovt rundstykke med gulost. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Matvarer som inneheld mykje laktose

Bør unngåast av dei fleste:

  • mjølk
  • tørrmjølk
  • fløyte
  • is
  • brunost
  • prim
  • sjokolade
  • graut og andre rettar som inneheld mykje mjølk
28 ulike norskproduserte mjølkevariantar med redusert laktoseinnhald. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Laktosefrie matvarer

Kan etast fritt:

  • alle faste kvite ostar som edamer, gouda, Norvegia, riddarost og Jarlsberg
  • smørbare smelteostar
  • soyais
  • soyayoghurt
  • rismjølk
  • havremjølk, bokkveitemjølk, sesammjølk, mandelmjølk
  • egg
  • margarin utan mjølk
  • matoljer
  • reine filetar av fisk
  • reine filetar av kjøt
  • frukt, bær
  • grønsaker, belgfrukter
  • nøtter, frø
  • gryn, mjøl, frukostblandingar
  • ris, pasta
  • syltetøy, sukker, sirup, honning
Råvarene kjøt, fisk og grønsaker. Foto.

Matvarer med litt laktose

Dei fleste kan ete litt av dette:

  • smør
  • margarin
  • brød/bakarvarer tilsett(e) mjølk
  • laktoseredusert lettmjølk
  • leverpostei
  • cottage cheese
  • magre smøreostar
  • fiskekaker og fiskebollar
  • pølser

Hugs

Ved mjølkeallergi er det sjølve proteinet i mjølka ein ikkje toler. Ved laktoseintoleranse er det innhaldet av laktose (mjølkesukker) i mjølka kroppen ikkje tolererer i for store mengder.

Mjølkesukker finst berre i mjølk, mjølkeprodukt og matvarer som inneheld mjølk.

Tips

På apoteket får ein kjøpt følgjande:

  • Enzymdropar som spaltar laktose. Dersom ein tilset slike dropar i mjølk og fløyte, vil 70–95 % av laktosen bli spalta.
  • Enzymtablettar som kan nyttast i situasjonar der ein veit at ein kjem til å ete laktosehaldig mat.
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim, Cathrine Borchsenius og Kjøkkenskriveren.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Laktoseredusert kost