Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Trening til munnleg-praktisk eksamen

Når du lagar eksamensoppgåver, får du god trening i å tolke eksamensoppgåver. Det gir ei større forståing av kva for emne det er naturleg å trekkje inn for å vise at du ser fleire samanhengar. Utprøving av dei ulike rollene, og erfaring frå vurdering, gir òg tryggleik i eksamenssituasjonen.
Ungdom som planlegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trening til eksamen

  1. Del opp klassen i grupper på tre elevar.
  2. Gruppene lagar eksamensoppgåver som gjer det mogeleg for eksamenskandidaten å vise kompetanse i store delar av læreplanen. Dersom det er praktisk mogeleg, kan de òg leggje inn ei praktisk oppgåve.
  3. Fordel rollene innanfor gruppene: eksaminator, sensor og kandidat.
  4. Alle som har fått rolle som eksamenskandidat, flytter seg til ei ny gruppe og får tildelt ei eksamensoppgåve som hen skal svare på.

    1. Eksaminatoren er den som hovudsakleg gjennomfører samtalen med kandidaten og kjem med tilleggsspørsmål

    2. Etter eksamineringa skal sensor og eksaminator bruke kjenneteikn på måloppnåing til å vurdere graden av måloppnåing og gi tilbakemelding til kandidaten.

    Eksempel på kjenneteikn på måloppnåing for naturfag vg1 SF (udir.no)

  5. Eksaminanden vender tilbake til gruppa si, der gruppemedlemmene byter roller, og ein ny eksaminand får prøve seg på eksamensoppgåva i ei anna gruppe.
  6. Når alle har prøvd seg i dei ulike rollene, kan ein velje å køyre fleire rundar.
Strekteikning av elev som står framfor ei trapp med karakterar på trinna. Illustrasjon.

Evaluering i klassen

  1. Kva kjenneteiknar dei gode og dei mindre gode oppgåvene?
  2. Korleis kan eksaminator opptre for at kandidaten skal få vist kva han/ho kan?
  3. Korleis kan kandidaten opptre for å få best mogleg utteljing under eksamen?
CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag