Hopp til innhald

Fagstoff

Antennesignal og støy

Signalstyrken blir svekt kvar gong signalet går gjennom ein fordelar eller eit antenneuttak. Dessutan vil signalet møte motstand i kabelen som òg dempar signalstyrken.
Antenne som blir halden opp mot himmelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekne tap

For å sikre seg at siste uttak i bustaden er innanfor gitte verdiar, mellom 54 dBμV og 64 dBμV, må ein berekne tapet fram til uttaket. Generelt kan vi rekne med desse signalstyrketapa:

  • tap av signalstyrke i kabel (ca. 20 m): 3 dBμV
  • tap gjennom ein fordelar: 3 dBμV
  • tap gjennom eit uttak (gjennomgangsmotstand): -10 dBμV

Den samla dempinga legg vi saman og trekkjer frå signalet frå antenna. Til sjølve utrekninga får ein god hjelp frå blokkskjemaet ein har laga. Der kan ein følgje signalet frå antenna og til siste uttak. For å klare kravet til signal i siste uttak må vi ofte montere ein forsterkar. Signalet kan då bli for sterkt andre stader i bustaden. Då bruker vi eit antenneuttak som dempar signalet ut av uttaket. Det gir òg god isolasjon mellom uttaka for å unngå refleksjon og forstyrringar. Isolasjonsdempinga bør vere minimum 42 dBμV.

Signal og støyforhold

Med signal og støyforhold meiner vi forholdet mellom "nyttesignalet" og den støyen som oppstår i et antenneanlegg.

Forholdet mellom signal og støy blir uttrykt i dB.

Forskjellige forhold mellom signal og støy gir ulik biletkvalitet, som du ser i tabellen under.

Signal/støyforhold

Støy

Biletkvalitet

≥ 46 dB

ikkje synleg

god

37 dB

synleg, ikkje forstyrrande

brukbar

30 dB

synleg forstyrrande

dårleg

≥ 30 dB

dominerande

ubrukeleg

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018

Læringsressursar

Lyd og bilete