Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegge antennemontering

Planlegging inneber her å orientere seg i terrenget for å finne plassering for sendar og mottakar. I tillegg må du utarbeide ein risikoanalyse med tilhøyrande tiltaksplan samt framdriftsplan og fylle ut nødvendig materialliste.
Antenne og parabol på hustak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunnen til at vi treng å vite kvar signalet kjem frå, er at sendarantenna og mottakarantenna må peike mot kvarandre. Dersom sendarantenna står i aust, treng vi å montere antenna på austsida av bustaden. Det er ekstra viktig å tenkje på dette når ein byggjer ein ny bustad, fordi ein då skal leggje røyr for antennekabelen.

Moment i planleggingsarbeidet

  • Gjer ei risikovurdering der du vurderer risikomoment ved arbeidet.
  • Fyll ut materialliste og finn fram det nødvendige utstyret.
  • Planlegg monteringa og set opp framdriftsplan.
  • Klargjer aktuell anleggsdokumentasjon.
CC BY-SARettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 26.01.2018

Læringsressursar

Lyd og bilete