Hopp til innhald

Fagstoff

Pressekonferansen

Ein pressekonferanse er eit tiltak der ein inviterer media til eit informasjonsmøte. Alle får same informasjon på same tid. Vanlegvis får journalistane høve til å stille spørsmål til dei som er til stades.
Partileder i KrF Knut Arild Hareide, partileder i Venstre Trine Skei Grande, statsminister og partileder i Høyre Erna Solberg, justisminister Anders Anundsen Frp og partileder i Frp Siv Jensen holder pressekonferanse. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pressekonferanse som informasjonstiltak

Ein pressekonferanse er eit informasjonstiltak der ein innbyr fleire medium til eit møte der alle får same informasjon på same tid. Som oftast vil det også vere høve til å stille spørsmål til dei personane som deltek på pressekonferansen.

Men det er stort sett slutt på at journalistane kjem springande til pressekonferansar. Dei prøver gjerne å få tak i stoffet som skal presenterast på førehand, før alle andre, for eksempel ved å ringe til arrangørane for å "pumpe" dei, eller oppsøkje andre kjelder. Og dei nøyer seg ikkje med å notere og stille høflege spørsmål.

Informasjon frå offentlege instansar

Sjølv om nyheita for lengst har nådd media, må offentlege instansar gjerne følgje spelereglane og presentere saker på ein demokratisk måte i form av pressekonferansar. I det politiske livet blir pressekonferansar brukte til ein viss grad, trass i at dei viktigaste nyheitene nok finn andre kanalar.

På eitt område kan ein seie at pressekonferansen framleis har ein viktig funksjon: I samband med større hendingar i det offentlege rom – ulukker, kriser eller katastrofar – er det ofte avgjerande å regulere nyheitsstrømmen og tilgjengelegheita. Nokre delar av det offentlege er nøydt til å ha «lok» på det som skjer. For å sikre at alle får korrekt og oppdatert informasjon på same tid vel ein då pressekonferansen som formidlingskanal.

Eksklusivitet

Ein velkjend metode som dei store mediehusa bruker, er å tilby eksklusivitet og større oppslag dersom dei får nyheita før konkurrentane. Dei kan også skulde på tidsnaud og mangel på journalistar til å dekkje konferansen. Dersom dei derimot kan få saka på førehand, så får dei betre tid til å jobbe med henne, og det blir betre stoff, osb.

Som regel er dette berre påskot for å komme eit hestehovud framføre konkurrentane. Dersom ein verkeleg har ei god sak og kan halde munn, og har bestemt seg for å sleppe saka på ein pressekonferanse, så kjem journalistane.

I underhaldningsindustrien er det stas når kjendisen («artisten») blir servert på eit fat, med litt kunstig glamour. Kulturindustrien har framleis sine pressekonferansar, men dei fungerer like mykje som bransjetreff, for eksempel når store forlag presenterer dei nye boklistene sine. Pressekonferansar blir då marknadsføringstiltak, ikkje nyheitsformidling.

Å selje ein bodskap

Den demokratiske tankegangen som ligg bak pressekonferansen, er stort sett borte blant dei som driv med informasjonsformidlinga i dag. Avsendarane ønskjer i staden optimale oppslag, dei «sel» inn bodskapen dit dei ønskjer, og der dei får mest utteljing. Dei forhandlar om oppslag og plassering, og vel dei media der dei veit at dei får best behandling.

Avsendarane – også frå det offentlege – har sine kontaktar og nettverk, på same måte som journalistane har sine. PR-bransjen og konsulentane er i aukande grad til stades med tilbod om «mediestrategiar» og «lanseringar», «mediepakker» og «bodskap». Denne formidlingsindustrien bruker også pressekonferansen, men først og fremst bruker dei andre metodar for å nå media og publikum.

Viktig å «halde igjen» ...

Pressekonferansen er med andre ord ikkje heilt død, og det kan vere greitt å vite korleis ein skal arrangere han. Ein må ta ei avgjerd om at ein skal halde «lok» på den nyheita ein skal presentere – og sørgje for at alle involverte er med på å halde loket på plass. Nyheita må også ha ein reell nyheitsverdi.

Derfor blir det ofte informasjonsmedarbeidaren si oppgåve å «halde igjen» når leiinga har noko å vise fram eller fortelje, og foreslår pressekonferanse. Kanskje kan ein formidle saka på en annan og betre måte? Ei slik drøfting bør vere ein del av informasjonsstrategien i bedrifta.

Bodskapen i fokus

Blir ein samde om å kjøre ein pressekonferanse, må det gjerast profesjonelt. Sidan pressekonferansar ofte er knytte til kriser eller problem, må ein ha eit godt og gjennomtenkt opplegg (stikkord: kva, kven, kor og korleis). Kor formelle ein skal vere, kjem sjølvsagt an på kva pressekonferansen skal dreie seg om. Det er forskjell på pressekonferansane til politiet og lansering av ei ny bok.

Uansett må ein pressekonferanse vere styrt og leia, og det krev eit samspel mellom informasjonsmedarbeidaren og leiinga. Informasjon er eit leiaransvar. Informasjonsmedarbeidaren er der for å gjere leiinga god, og for å formidle den bodskapen leiinga ønskjer å nå ut med.

CC BY-NC-NDSkrive av Trygve Skanding og Mediana.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2021

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid