Hopp til innhald

Fagstoff

Alkohollova

Føremålet med alkohollova er å regulere innførsel og omsetning av alkoholhaldige varer, for i størst mogleg grad å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadane som alkoholbruk kan innebere.
Ein bartender heller grøn drikke frå ein shaker over i shotglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjon av alkoholhaldig drikk

I lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkohollova) er alkoholhaldig drikk ei fellesnemning på drikkar som inneheld meir enn 2,5 volumprosent alkohol. Det er òg aldersgrense på alkoholsvake drikkar som inneheld mellom 0,7 og 2,5 volumprosent alkohol.

Med brennevin meiner vi ein drikk som inneheld tilverka alkohol ublanda eller blanda med andre produkt. Ein drikk som inneheld 22 volumprosent alkohol eller meir, blir rekna som brennevin.

Lova gjeld ikkje alkohol som blir seld, kjøpt, levert ut eller send til medisinsk, teknisk eller vitskapleg bruk, eller sprit til desinfeksjonsbruk.

Definisjon av sal og skjenking

  • Sal er overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukarar for drikking utanfor salsstaden.

  • Skjenking er sal for drikking på salsstaden.

Løyveplikt

Sal, skjenking og tilverking av alkoholhaldig drikk krev løyve frå offentleg styresmakt.

Aldersgrense

  • Det er ikkje lov å selje, skjenke eller levere ut alkoholhaldig drikk med til nokon som er under 18 år.

  • Det er ikkje lov å selje, skjenke eller levere ut alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir til nokon som er under 20 år.

  • Den som sel, leverer ut eller skjenker alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir, må ha fylt 20 år.

  • Den som sel, leverer ut eller skjenker annan alkoholhaldig drikk, må ha fylt 18 år.

Unntak frå aldersgrense

  • Aldersgrensa gjelder ikkje ved sal av alkoholsvak drikk som inneheld mellom 0,7 og 2,5 volumprosent alkohol, når ein person over 18 år har dagleg tilsyn med salet.

  • Personar med fagbrev som kokk eller servitør kan likevel selje, skjenke og utlevere alkoholhaldig drikk, sjølv om dei ikkje har nådd aldersgrensa.

  • Lærlingar og lærekandidatar som ikkje har nådd aldersgrensa, kan likevel selje, skjenke og utlevere alkoholhaldig drikk når dette er nødvendig av omsyn til opplæringa. Vilkåret er at det må vere ein reell opplæringssituasjon og gå inn som ein del av læreplanen. Dette unntaket gjeld óg elevar i kokk- og servitørfag som er under praktisk opplæring i bedrift.

Rekker med vinflasker på vinmonopolet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løyveperioden

Kommunen kan gi løyve (godkjenning) til å selje alkoholhaldige drikkar med høgare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent for fire år om gongen.

Inndraging av sals- og skjenkjeløyve

Kommunestyret kan i løyveperioden inndra eit løyve for resten av perioden eller for ein kortare periode dersom vilkåra ikkje lenger er oppfylte.

Når kommunestyret vurderer om løyvet bør inndragast, og eventuelt kor lenge, legg dei vekt på kva type regelbrot det er snakk om, kor grovt regelbrotet er, om bevillingshavaren kan klandrast for regelbrotet, og kva som er gjort for å rette opp forholdet. Dei kan òg legge vekt på tidlegare praktisering av løyvet.

Eit løyve kan òg inndragast dersom det skjer gjenteken narkotikaomsetning på skjenkestaden, eller dersom det ved skjenkestaden skjer gjenteken diskriminering av grunnar som er nemnde i straffelova.

Tilverking av alkoholhaldig drikk

Produksjon av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve frå Helse- og omsorgsdepartementet. Viss det er snakk om produksjon av alkoholhaldig drikk til eige bruk, treng ein ikkje løyve med mindre det er snakk om brennevin.

Ulovleg kjøp

Det er forbode å kjøpe alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir på vegner av nokon som er under 20 år, eller annan alkoholhaldig drikk til nokon som er under 18 år.

Reklame for tilverkingsmiddel for alkoholhaldig drikk

Reklameplakat for øl frå 1930-åra. På plakaten står det "Drikk øl – for det er norsk". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ikkje tillate å annonsere for eller stille ut apparat – eller delar og utstyr – som kan nyttast til produksjon eller destillering av sprit, brennevin eller isopropanol.

Det er forbode å oppmode til ulovleg produksjon eller destillering av sprit, brennevin eller isopropanol eller gi rettleiing om dette.

Det er forbode å reklamere for stoff som er berekna på tilsetjing til alkoholhaldig drikk. Det same gjeld oppskrifter og apparat til å framstille slike drikkar.

Reklame for alkoholhaldig drikk

Reklame for alkoholhaldig drikk er forbode. Forbodet gjeld òg reklame for andre varer med same merke eller kjenneteikn som drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Slike varer må heller ikkje inngå i reklame for andre varer eller tenester.

Oppgåve

Diskuter kjøp av alkohol til unge under aldersgrensa. Kor utbreidd meiner klassen dette er?

Kjelde

Alkohollova. (1989). Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (LOV-1989-06-02-27). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1989-06-02-27

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.02.2023

Læringsressursar

Lover og forskrifter