Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er betong?

Konstruksjonsmaterialet betong består av sement, vatn, sand og stein som blir blanda saman. Betong er eit mykje brukt konstruksjonsmateriale over heile verda. Det blir brukt mykje ved fundamentering og bygging av store hus og andre konstruksjonar som bruer og demningar.
Bru bygd i betong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betong

Betong er eit materiale som saman med toler store krefter. Han toler også påverknad frå vêr og vind.

Betong består av

  • sement – hovudsakleg brend kalk og kvartsstein
  • vatn – reint ferskvatn
  • sand – sandkorn med storleik 0–4 mm
  • stein – steinar med storleik 4–25 mm
  • eventuelt tilsetjingsstoff, om vi ønskjer spesielle eigenskapar i betongen

Visste du ...

at betong har vore i bruk i ca. 100 år?

Video om sand og stein i betong

I denne videoen kan du lære om kvifor det skal vere sand og stein av alle storleiker i betongen.

Blanding av betong

Betongen blir blanda på ein betongstasjon eller på byggjeplassen. Etter at betongen er kommen i forskalinga, herdar han. Då reagerer vatnet med sementen, og betongen blir gradvis hardare. Etter 28 døgn i 20 varmegradar er han ferdig herda. Då kan vi seie at han er ferdig laga.

Styrke

For at betongen skal herde, må det vere varmegradar. Di varmare det er, di raskare herding. Om det blir kuldegradar, frys vatnet og herdinga stoppar.

Det som bestemmer styrken (hardleiken) på betongen, er blandingstilhøvet mellom vatn og sement. Dette tilhøvet kallar vi vc-talet. Meir sement gir sterkare betong.

Når vi reknar ut vc-talet, skriv vi det som eit reknestykke med brøkstrek som delingsteikn, v/c.

Døme

For å blande 1 m³ med betong kan vi bruke:

  • 900 kg sand
  • 900 kg stein
  • 400 kg sement
  • 200 kg (liter) vatn

Då blir v/c-talet: 200/400 = 0,5

Her kan du sjølv fylle ut og rekne ut v/c-talet

V = vatn C = sement.

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Stoff og materiale