«Det er ikkje så farleg.» Korleis kan denne haldninga påverke tryggleiken for deg sjølv og andre? Kva ansvar har du når prosedyrar og reglar ikkje blir følgde? I denne videoen ser vi kva som kan skje når fleire feilvurderingar slepp gjennom systemet som er laga for å sikre arbeidet.
Refleksjon
- Kva prosedyrar må ein følgje før ein startar arbeidet?
- Kva betyr «ei rekkje feilvurderingar»?
- Kva haldningar er viktige i arbeidssituasjonen?
- Korleis skal du sjølv opptre når du oppdagar feil arbeidsutøving?
CC BY-SASkrive av Samarbeid for Sikkerhet og Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018