Hopp til innhald

Fagstoff

Målarsløyfe

Leidningane frå overbelastningsvernet til kurssikringane kallar vi målarsløyfe. Desse leidningane må leggjast slik at montøren frå det lokale e-verket enkelt kan kople til målaren.
Nærbilete av RK, RKK og endehylser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målarsløyfa i eit IT-nett skal vere i klasse II-utføring. Målarsløyfa må dermed vere utført med dobbeltisolerte leidningar. Dette løyser ein med leidningstypen RKK.

Nærbilete av leidningstypen RKK. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For TN-nett der det vil bli utkopling ved første jordfeil, kan du bruke leidning av typen RK, som ikkje er dobbeltisolert. Mengda straum som skal gå gjennom leidningane, bestemmer tjukna på målarsløyfa.

Nærbilete av ei RK-leidning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er viktig å bruke endehylser på leidningane.

Nærbilete av to endehylser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Rodney Årnes.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017

Læringsressursar

Fordelingsskap