Hopp til innhald

Fagstoff

Jordfeilautomat

Jordfeilautomaten blir brukt i alle nye installasjonar i dag, då forskriftene krev jordfeilutløysing på alle kursar opp til 25 Ampere i privat bustad.
Bilde. Jordfeilautomat.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Skjemasymbol for jordfeilautomat . Illustrasjon.

Ein jordfeilautomat er ei automatsikring og ein jordfeilbrytar konstruert saman i éin komponent. Den vernar den elektriske installasjonen mot overstraum, kortslutning og jordfeil. Dette reduserer faren for brann og berøring ved feil i anlegget. Dersom det skulle bli jordfeil (kontakt mellom jord og ein av polane) vil ein jordfeilautomat slå ut ved 30 mA (milliampere).

For å tryggje elektriske anlegg har krava gjort at det blir trekt jording på alle kursane, dette var det tidlegare berre krav om på våtrom og utandørs. Kravet var òg å ha berre ha ein jordfeilbrytar på heile anlegget, no er kravet å bruke jordfeilautomat på alle kursane under 25 Ampere, noko som er tilfelle for alle kursane i ein normal bustad.

Vi kjenner lett igjen jordfeilautomaten ved at den har ein test-knapp, det blir tilrådd at det blir utført ein test kvart halvår for å sjekke at den fungerar. Dette gjeld òg for å halde oppe levetid og garanti.

Jordfeilautomater i sikringsskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017

Læringsressursar

Fordelingsskap