Hopp til innhald

Fagstoff

Automatsikringar

Ein automatsikring brukar vi til å beskytte den elektriske installasjonen vår. Automatsikringane løyser ut om det skulle gå meir straum i krinsen enn det han er berekna for. Han løyser ut på overstraum og kortslutningar.
 Rekke med automatsikringer. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bilde. Jordfeilautomat.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A, B, C og D-sikringar

Automatsikringar blir delte inn i forskjellige karakteristikkar. Nokre reagerer raskt og nokre seint. Dei vanlegaste karakteristikkane er A, B, C og D.

A er svært hurtige sikringar som kan brukast til dømes i samband med elektronikk.

B er middels hurtige sikringar som blir mykje brukte i alminnelege bygningsinstallasjonar til belysning, stikkontaktar, osv.

C er litt langsame sikringar. Desse blir til dømes brukte i samband med motorkrinsar, då det er vanleg at elektriske motorar gjerne kan trekkje litt overstraum ved oppstart.

D er ganske langsame automatsikringar som toler nokså store overstraumar over tid, før dei slår ut.

B og C er de to mest vanlege typane automatsikringar brukte i bustad.

Artikkel fra Wikipedia om automatsikringer.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Elektriske og automatiserte system