Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Å planlegge fordeling

I denne planleggingsdelen må du utarbeide risikoanalyse og tiltaksplan. I tillegg skal du lage ein framdriftsplan og fylle ut ei materialliste. Du må òg utarbeide naudsynt anleggsdokumentasjon.

Punkta i planleggingsprosessen

1. Vurder risikoen ved jobben du skal gjere (HMS, vernetiltak, forskrifter), og risikoen når installasjonen er i bruk.

  • Skal du arbeide med spenning på? Skal du arbeide nær spenningsførande delar? Kva må du tenkje på her?
  • Tek du omsyn til sikkerheitsforskrifta?
  • Er det verktøy og/eller instrument du ikkje kjenner, og som du må ha opplæring i?

2. Utarbeid ei materialliste, slik at du får med deg utstyr og materiell du treng til å utføre jobben.

  • Dokumenter dimensjonen på eventuelt vern.
  • Finn fram ei eigna liste, og finn leverandør- eller grossistkatalogar.

3. Lag ein plan for arbeidet (ganttdiagram), det vil seie ein framdriftsplan på papir der du set opp det du skal gjere, i kronologisk rekkjefølgje.

  • Gå gjennom oppdraget og skriv ned dei jobbane du skal gjennom i perioden (i venstre kolonne).
  • Set av den tida du meiner du treng til dei ulike delane av arbeidet.
  • Lag deg ein «buffer» på slutten av oppdraget slik at du har tid til ferdigstilling sjølv om ikkje alt går heilt etter planen.

4. Finn fram aktuelt verktøy for jobben du skal gjere. Klargjer aktuell anleggsdokumentasjon for jobben.

  • I dette oppdraget skal du ha fordelingsskjema, koplingsskjema og eventuelt arrangementsteikning.
CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2020

Læringsressursar

Fordelingsskap