Hopp til innhald

Fagstoff

Spelereglar i arbeidslivet

Her kan du lese om kva rettar og plikter ein arbeidstakar har.
Håndhilsing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettane og pliktene til ein arbeidstakar

I arbeidslivet er det ei rekkje lover og reglar som gjeld – uansett kva jobb ein har. Nokre reglar er bestemte av arbeidsgivar, andre av styresmaktene, og alle reglane vil angå deg som arbeidstakar. Men du kan vere med å bestemme utforminga av arbeidsplassen din. Det handlar om å delta og å vise engasjement. Her skal vi sjå på nokre forhold du som fersk arbeidstakar vil møte i jobbsamanheng.

Rettene til arbeidstakar

Arbeidskontrakt

Ein slik avtale må både arbeidsgjevar og arbeidstakar vere einige om. Det er arbeidsevna di og kompetansen din arbeidsgjevar vil ha. Arbeidsmiljøloven fastset eit minimum av innhald i ein arbeidskontrakt. Arbeidskontrakten skal vere skriftleg og i minst to eksemplar. Du skal ha kopi av kontrakten. I arbeidsavtalen går ofte avtale om prøvetid inn. Det er vanleg med inntil ein månad med prøvetid. Vi skil mellom to typar arbeidsavtalar:

  • Ved fast tilsetjing skal arbeidsgjevar utarbeide avtalen innan ein månad etter tilsetjing.
  • Ved midlertidig tilsetjing, når arbeidet skil seg frå det som ordinært vert gjort i verksemda, vil kontrakten vare frå dato til dato.

Lønn

Lønn er ei forhandlingssak mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Lønn vert fastsett og regulert ved årlege lønnsforhandlingar. Dersom du er medlem av ein arbeidstakarorganisasjon, er det denne som forhandlar om lønn. Dette er tariffbestemt lønn. Er du ikkje organisert, må du setje fram eventuelle lønnskrav sjølv.

  • Ein tariffavtale er ein lønnsavtale som er inngått mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane.

Fagorganisasjon

I arbeidslivet i dag finst det mange organisasjonar son ønskjer å arbeide for å betre kvardagen til arbeidstakarane på ein arbeidsplass. Den største fagorganisasjonen i Noreg er Landsorganisasjonen (LO).

I Noreg har du rett til å vere organisert, men det er inga plikt. For å vere medlem i ein fagorganisasjon må du betale ein årleg kontingent. Vi skil mellom to typar organisering:

  • Fagorganisert - når du er fagorganisertarbeider fagforeinga du er medlem i, for lønns- og arbeidsforholda dine. Her kan du påverke resultatet.
  • Ikkje fagorganisert- du har ingen påverknad på resultata av ei forhandling.

Arbeidstid

Du kan ikkje arbeide så mye du vil. Det er reglar om tida du skal arbeide og om den maksimale lengda av arbeidsdagen. I utgangspunktet skal du ikkje arbeide overtid, men nokre gonger må det til. Du kan likevel ikkje arbeide meir enn 200 timar overtid i året.

Arbeidstida er bestemt ut frå mellom anna alder:

  • Etter fylte 13 år kan du ta lettare arbeid mellom kl. 06.00 og 20.00.
  • Etter fylte 15 år kan du ta jobbar "som ikke kan være til skade for helse, utvikling og skolegang".
  • Etter fylte 18 år kan du ta jobb i butikk for sal av til dømes tobakk, øl og vin.
  • Etter fylte 20 år kan du selje eller servere brennevin over disk og ta andre jobbar kor som helst.
  • Du har krav på minst ei halv time matpause. Viss du ikkje kan gå frå arbeidsstaden, vert pausen rekna som arbeidstid. Ein avtale om pausen skal vere skriftleg.
  • Du har krav på ferie/fritid etter arbeidsmiljøloven. Du har krav på feriepengar uansett kor kort tid du har arbeidd. Dette vert rekna ut etter bestemte reglar.
  • Fast arbeidstid
    Det er den arbeidstida som er bestemt for eit arbeid.
  • Midlertidig avtale
    Det er dei same reglane som over.
  • Deltidsarbeid
    Det avgjer den tida du skal bruke på ei avgrensa arbeidsoppgåve.
  • Ferie
    Du har krav på fire veker ferie, tre veker om sommaren og ei veke som kan fordelast utover året. Dette finn du i ferieloven.
  • Arbeidsgjevar skal betale 12 % av lønna di i feriepengar. Desse får du året etter når du skal ha ferie.

Arbeidsmiljø

Det er eit krav at alle skal få arbeide trygt og sikkert utan fare for å skade seg fysisk eller psykisk. Dette føreset at også du må ta din del for å skape eit godt arbeidsmiljø. Dette er bestemt i arbeidsmiljøloven, som inneheld krav som skal verne arbeidstakarane.

HMS - helse, miljø og sikkerheit

Arbeidsmiljøloven og ei rekkje forskrifter stiller krav til HMS.

Verneombod

Alle bedrifter skal ha verneombod. Verneombodet passar på at bedrifta held seg til krava i arbeidsmiljøloven. Du kan ta kontakt med ombodet viss du meiner at arbeidet er farleg, om du blir mobba eller trakassert, eller ikkje har nødvendig verneutstyr. Verneombodet har plikt på seg til å leggje problema fram for leiinga i bedrifta og følgje opp saka til forholdet er betra.

  • Verneombod: Person frå dei tilsette som er vald til å ivareta helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen din.
  • Arbeidsmiljøutvalget (AMU) er eit organ som avgjer arbeidet med HMS.

Opplæring

Arbeidsgjevar har plikt til å gi deg så god opplæring at du kan utføre dei arbeidsoppgåvene du blir sett til. Dette gjeld:

  • korleis jobben skal utførast
  • kjennskap til lovar og reglar

Ved sjukdom

Du har krav på lønn frå den første sjukedagen. Arbeidsgjevar betaler dei første 16 dagane under sjukdommen. Staten tek over frå den 17. dagen.

Permitteringar

Permittering er ei midlertidig ordning der arbeidstakaren er pålagt arbeidsfritak, og arbeidsgivaren er friteken frå lønnsplikta si. For at ein skal kunne nytte permittering, krevst det sakleg grunn. Felles for dei omstenda som kan liggje til grunn, er at det er tilhøve som er knyta til bedrifta og ikkje til den tilsette.

Oppseiing

Oppseiing betyr at du må slutte i jobben. Det kan vere grunna økonomi, forsøming, tjuveri, underslag eller manglande arbeidsoppgåver.
Du kan sjølv gi melding om at du seier opp jobben. Oppseiingstid er den tida du må arbeide etter at du har meldt frå. Ho er i dag ein månad viss avtalen din ikkje seier noko anna.

Bedriftshelseteneste

Dette er eit tilbod enkelte bedrifter har for deg som tilsett. Her kan du få tilbod om helsetenester og kontrollar i høve til arbeidssituasjonen din.

Pliktene for arbeidstakar

Avtale/kontrakt

Du er pliktig til å gjere ein så god jobb som mogleg og gjere dei oppgåvene du blir sett til. Du skal også verne om sikkerheita for både deg sjølv og andre på arbeidsplassen. Dessutan skal du møte på jobb til avtalt tid og stå i jobben den tida avtalen seier.

Kleskode

Nokre arbeidsplassar har arbeidstøy eller «uniform». Dette betaler som oftast bedrifta, men du skal kle deg normalt pent i høve til den jobben du blir sett til. Undersøk om bedrifta har nokre bestemte reglar for kva klede ein skal bruke.

Oppførsel

Du er pliktig til å vise ein normalt god oppførsel. Du skal også vere lojal overfor arbeidsplassen din, både når du er ute på oppdrag for bedrifta, og når du ikkje er på jobb.

Normer og reglar

I alle bedrifter eksisterer det ulike normer og reglar. Desse fortel noko om korleis det er forventa at du skal vere i ein jobbsamanheng. Finn sjølv ut kva for nokre normer som gjeld på arbeidsplassen din.

Arbeidsmiljø

På arbeidsplassen din har du ulike plikter i høve til arbeidsmiljøet. Du skal seie frå om ting som går ut over liv og helse. Du kan få stansa arbeidsoppgåver dersom det kan føre til fare for liv og helse.

CC BY-NC-SASkrive av Svenn Dahle og Svenn Dahle.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Lover og reglar