Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tilpassa kost

Dette er ei individuell oppgåve om tilpassa kost. Læraren skal gå gjennom fagstoff, deretter skal eleven svare på oppgåvene.
Eldre som spiser middag på institusjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

Læraren går gjennom desse typane tilpassa kost:

  • Mat med annan konsistens
  • Glutenfri kost
  • Saltredusert/saltfattig kost
  • Laktoseredusert kost
  • Feittredusert kost

Oppgåve 1

Eit grønt eple. I bakgrunnen to hender som skriv på ein berbar pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag eit hefte eller ei mappe med

  1. framside og namn
  2. innhaldsliste
  3. innleiing
  4. svar på oppgåvene
  5. avslutning
  6. kjeldetilvisingar

Gjer deretter følgjande for kvar av dei fem kosttypane:

  1. Bruk namnet på den tilpassa kosten som overskrift.
  2. Kva matvarer eller råvarer må pasientar på denne kosten unngå? (NEI-mat)
  3. Kva matvarer eller råvarer kan pasientar på denne kosten ete? (JA-mat)
  4. Skriv ned minst seks faktasetningar (råd) om den tilpassa kosten som det er viktig for deg som kokk å vite om.

Oppgåve 2

Menytavle som viser at middagen er lettsalta kokt uer, gulrotstuing, erter, eggesmør og kokt potet. Til dessert er det kirsebærkompott og fløytemjølk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her ser du eit døme på ein meny med nøkkelrådskost det er vanleg å servere ved institusjonar.

  • Denne menyen skal du no tilpasse til den aktuelle tilpassa kosten, slik at han blir så lik nøkkelrådskosten som mogleg.
  • Lag deg ein tabell slik dømet viser, eller bruk "Skjema for utfylling til tilpassa kost", som du finn som relatert innhald.

Døme på tabell

Kosttype

Hovudrett

Saus

Poteter/grønsaker

Dessert

Nøkkelrådskost

lettsalta kokt uer

eggesmør

kokt potet
gulrotstuing
erter

kirsebærkompott
fløytemjølk

Findelt kost

Glutenfri kost

Saltredusert kost

Laktoseredusert kost

Feittredusert kost

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar