Hopp til innhald

Kortfilm

Bawke

Med Bawke fekk verda for alvor opp auga for den norsk-kurdiske regissøren Hisham Zaman. Filmen har hausta over 40 prisar både i inn- og utland etter premieren i 2005, men filmen er minst like aktuell i dag.

Om filmen

Bawke er ein norsk kortfilm som fortel historia om to kurdiske flyktningar frå Irak. Dei har lenge vore på flukt gjennom Europa og har eit håp om tryggleik og vern i Noreg.

Vi møter dei når dei begynner å nærme seg målet for reisa. Det er ikkje lett å vere på flukt, men det er likevel først når dei kjem til Noreg, at problema verkeleg melder seg. Det ender med at faren må ta eit vanskeleg val.

Filmen har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Gullstolen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad (2005) og Amanda for beste norske kortfilm (2005). I 2010 blei filmen kåra til tiårets beste norske kortfilm av fagjuryen i filmmagasinet Rushprint.

Viktig talerøyr

Etter utdanninga ved Den norske filmskolen på Lillehammer og gjennombrotet med Bawke har Zaman regissert fleire filmar med tematikk rundt det fleirkulturelle Noreg. Mellom anna har han laga Brev til kongen (2014), Før snøen faller (2012) og Vinterland (2007).

Zaman kom sjølv til Noreg som 17-årig flyktning frå den irakiske delen av Kurdistan, og mange har kalla han eit viktig talerøyr for etniske minoritetar.

Zaman seier sjølv han er oppteken av å lage filmar om menneske, ikkje flyktningar. Han meiner det er viktig at ein ikkje ser på flyktningar som berre flyktningar, men som menneske som ein gong hadde ein heim, ein skule og ein jobb å gå til.

Relatert innhald

I «Bawke» møter vi ein far og sonen hans på flukt. Dei håper på eit betre liv i Noreg. Sjå her for analyseoppgåver til filmen.

CC BYSkrive av Mairi Macdonald. Rettshavarar: Norgesfilm AS og Spillefilmkompaniet 4 1/2
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Menneskerettar