Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver marknadsføring

Her finn du oppgåver til marknadsføringstemaet.
Mange forskjellige reklameskilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Finn annonsar (anten i blad eller på nettet) eller reklamefilmar som passar til dei ulike hovudoppgåvene som marknadskommunikasjonen har.

Oppgåve 2

Finn to produkt som skil seg sterkt frå kvarandre i måten dei blir marknadsførte på – til dømes eit eksklusivt produkt versus eit svært rimeleg produkt. Korleis vil du beskrive marknadskommunikasjonen som er gjort for kvart produkt?

Oppgåve 3

  • Har du nokon gong brukt sosiale medium til å gi produkttips?
  • Kva typar produkt er det du tipsar om?
  • Kvifor har du tipsa venner og kjende om ulike produkt?
  • Har du fått produkttips gjennom sosiale medium?
  • Kva tips har du sett mest pris på?
  • Kjenner du til bedrifter som brukar sosiale medium for å auke salet sitt?
  • Kva er det dei gjer?

Oppgåve 4

Kan du finne eit døme på eit produkt du vil kjøpe nesten uansett pris, og eit produkt du ikkje vil kjøpe dersom prisen stig med meir enn 25 prosent samanlikna med dagens pris?

Oppgåve 5

Finn eksempel på produkt som er prisa etter dei tre formene for prissetjing.

  1. Kostnadsorientert prissetjing
  2. Etterspørselsorientert (marknadsorientert) prissetjing
  3. Konkurranseorientert prissetjing
CC BY-SASkrive av Hanne-Lisbet Løite og Mette Holan.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Marknadsføring