Hopp til innhald

Fagstoff

Ansikt til ansikt med gjestane

Korleis ønskjer vi å bli tekne imot i resepsjonen på eit hotell eller på ein restaurant? Her skal vi sjå på kva vi meiner med vertskap og ulike forventningar gjestene har til vertskapet.
Ein smilande servitør snakkar med ein mann og ei dame i ein restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein vert?

Ein vert er ein person som tek imot gjestar. Ordet vert høyrer saman med beverte, som betyr "å servere eit måltid". Som vert skal du sørgje for at alle gjestane dine kjenner seg velkomne, at dei trivst, og at dei får mat, drikke og god service. Dei som har denne oppgåva, kallar vi vertskap.

Vertskapsrolla må sjåast frå perspektivet til gjesten. Eit profesjonelt vertskap sørgjer for at alle har det triveleg, og utfordringa her er at gjestene har ulike forventningar. Gjestar fortel vener og kjende korleis dei opplevde å vere gjest, noko som gjer rolla som vertskap viktig og utfordrande.

Det første møtet

Det første møtet er alltid viktig. Førsteinntrykket gir oss ofte eit lite innblikk i personlegdommen til gjesten, men det kan òg sende oss i feil retning. Dermed kan vi kome i skade for å gjere oss opp ei oppfatning om gjesten som kan vise seg å vere feil. Det er derfor viktig at åtferda vår viser at vi som profesjonelle representantar for arbeidsplassen, prøver å skaffe oss innsikt i kva behov og ønskjer gjesten har. Det er lett å døme folk etter førsteinntrykket. Men hugs at jobben vår er å gjere vårt beste for at alle gjestar skal kjenne seg velkomne.

Ønskjer vi ein gjest velkommen med eit smil, skaper vi ein positiv relasjon. Det er viktig å tenkje på at du sender ut signal som gjestane ser på som positive. Rolla di som vert vil bli lagt merke til av gjestane, og det er viktig å gjere sitt beste for at kvar enkelt gjest blir teken vare på. Eit profesjonelt vertskap sørgjer for at alle gjestane har det triveleg.

"Er det nokon heime?"

Tenk deg at du er invitert i bursdagsselskap til ein god ven. Ytterdøra står på gløtt. Du kikkar inn, men ser ingen. Du opnar døra forsiktig og går inn. Framleis er ingen å sjå, ingen å høyre. Kvifor er det ingen som tek imot deg? Du blir litt uroleg. Har det skjedd noko? Du står og ventar ei stund. Etter eit par minutt kjem venen din og mor hans opp frå kjellaren med kaker og brus. Usikkerheita di forsvinn.

Kva viss ein liknande situasjon hadde oppstått om du hadde kome inn i ein restaurant eller ein resepsjon på eit hotell? Viss servitøren ikkje løftar blikket når vi kjem, oppfattar vi det som uhøfleg og eit uttrykk for manglande interesse. Vi set pris på å bli sett og teke godt imot. Eit venleg blikk og eit smil får oss til å kjenne oss velkomne. Augekontakt signaliserer interesse. Eit blikk – eller manglande blikk – fortel meir enn mange ord.

Tenk over

Møter vi ein gjest med eit smil og ei omgjengeleg haldning, gir vi eit positivt førsteinntrykk. På kva andre måtar kan vi møte ein gjest slik at ho eller han kjenner seg velkommen?

Gruppeoppgåve

Gi døme på og drøft korleis de ønskjer å bli mottekne og betente når de kjem til ein restaurant.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Service og gjestebehandling