Hopp til innhald

Fagstoff

Bedrifta sitt ansikt mot omverda

Førsteinntrykket er svært viktig. Korleis vi er kledde, og korleis vi representerer arbeidsplassen vår overfor kundar og gjestar, betyr mykje for omdømmet til bedrifta.
Servitør set vinglas på eit restaurantbord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uniforma representerer bedrifta

Når vi tek på oss ei uniform, tek vi samtidig på oss rolla som selskapet sitt ansikt mot omverda. Då representerer vi bedrifta og arbeidsplassen vår.

Alle menneske blir prega av oppveksten, kulturen, familien og venene sine. Ved å ta på oss uniform legg vi til side det private og våre eigne personlege meiningar. Vi blir då sette på som firmaet sitt ansikt mot omverda. Omdømmet til selskapet er viktig, kanskje noko av det viktigaste i kampen om gjestane.

Tenk over

Kva faktorar kan vere med på å øydeleggje eit godt omdømme?

Uniform

Uniformer kan vere svært ulike. Uniformene bidreg til å forsterke yrkesrolla til den som ber uniforma, til dømes politiet og militæret, pilotane og kabinbesetninga i eit fly. Hovudformålet med uniform er at alle skal vere likt kledde. Det skaper ei felles tilhøyrsle internt i bedrifta, og det blir lett for gjestane å vite kven som er vertskap. At uniforma eller kleda er nøytrale og samstemde i fargar og stil, er med på å skape tillit mellom vertskap og gjest.

Fire tilsette i uformell uniform står ved eit bord i ein restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjesten sitt førsteinntrykk

Tenk deg at du kjem inn i ein hotellresepsjon og skal sjekke inn. Det står to damer ved resepsjonsdisken. Den eine er kledd i hotellet si uniform, med nystroken skjorte. Ho har oppsett hår og er diskret sminka. Ho ser deg med det same og ønskjer deg smilande velkommen.

Dama som står ved sida av, jobbar òg i resepsjonen, men har behalde dei private kleda sine. Ho går kledd i ein utringa topp, har farga håret i ein rosa nyanse, har pirsing i ansiktet og store, tydelege tatoveringar nedover armane. Ho er for oppteken med mobiltelefonen sin til å registrere at du kjem inn.

Kven av desse to representerer arbeidsplassen sin best?

Det er ikkje sikkert at dama med rosa hår er mindre hyggjeleg og hjelpsam enn dama i uniform. Ho er kanskje svært god i fleire språk og dyktig i jobben sin. Men førsteinntrykket til gjesten blir dessverre feil. Dama med rosa hår blir ufrivillig sett i bås og vurdert ut i frå utsjånaden sin. Ho vil no måtte bruke lengre tid på å vinne tilliten til gjesten. Førsteinntrykket til gjesten kan gjere det vanskelegare å kommunisere.

Førsteinntrykket ditt av gjesten

Sjølv om ein gjest går kledd som pønkar og har raud hanekam, betyr ikkje det automatisk at han er husokkupant og går i protesttog mot omverda. Han er kanskje økonomistudent og speler fiolin på fritida.

Det er vanleg at vi dannar oss eit førsteinntrykk av ein person ut frå klede, frisyre, smykke, sminke og liknande. Vi set folk i bås, tenkjer at vedkommande er sånn og slik, tilhøyrer ei bestemd gruppe. Vi gløymer å sjå etter enkeltindividet.

Tenk over

Det er heilt vanleg å gjere seg opp ei meining om folk ut frå klesstilen og utsjånaden deira. Vi gløymer ofte enkeltindividet og skjer alle over ein kam. Som vertskap må vi streve etter å sjå og behandle kvart enkelt individ med respekt og ei positiv haldning!

Oppgåve

Du jobbar i ein restaurant. Ein av servitørane kjem stadig på jobb med møkkete klede, ustelt hår og luktar sveitte. Både du og gjestane synest det er ubehageleg. Kva gjer du?

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Service og gjestebehandling