Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeidsoppdrag i menylære

Denne oppgåva består av ein teoretisk del, der du skal setje opp ein trerettars selskapsmeny, og ein praktisk del, der du skal lage menyen og presentere han.
To biffar på ei fjøl, kokkekniv og notatblokk på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Målet med oppgåva er at du skal vise at du kan

  • skrive ein korrekt meny ved hjelp av menynøkkelen
  • bruke eit godt, norsk menyspråk
  • planleggje og lage ein velsmakande meny
  • presentere ein meny

Oppgåve

Du jobbar som kjøkkensjef på Grand Hotel. Du har fått førespurnad om å lage ein trerettars selskapsmeny til ei gruppe som skal feire ein 50-årsdag. Verten ønskjer eit forslag til meny som kan passe, og forslag til drikkevarer. Selskapet skal arrangerast i september, og prisnivået er middels.

Teoretisk del

  1. Bruk menynøkkelen, og set opp eit forslag til meny. Set òg opp forslag til drikkevarer som kan passe til menyen. Grunngi vala dine. Tenk på menyspråket du bruker.
  2. Finn fram oppskrifter, og skriv ei bestillingsliste over varene du treng. Menyen skal passe til fire personar. Skriv ein arbeidsplan.
  3. Korleis vil du dekkje opp til denne menyen? Og kva serveringsmåte vel du?
Kokk legg opp mat på tallerken inne på eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktisk del

  1. Du skal dekkje bordet i samsvar med den oppdekkinga du har valt, og pynte det slik du sjølv ønskjer. Dette kan du gjerne gjere dagen før.
  2. Du skal lage menyen din og leggje han opp etter vald serveringsmåte. Tidspunktet for servering avtaler du med læraren din. Presenter menyen for lærar, medelevar og eventuelle gjestar.

Vurderingskriterium

Du blir vurdert etter

  • det heilskaplege inntrykket av menyen (t.d. om han passar til høvet, val av råvarer, drikkevarer, menyspråk)

  • smaken og konsistensen på maten

  • variasjon i smak, fargar og tillagingsmetodar

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Menylære