Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nye varer, nye prisar

Farek har fått inn eit nytt parti varer som skal seljast vidare i kaféen. Kan du hjelpe han å kalkulere dei?
Foto av ein bakerieigar som viser fram dagens bakst utanfor kaféen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I sendinga er det fire ulike matvarer. Nokre av dei er typiske volumseljarar. Påslagsfaktoren er 1,35.

Ein faktura viser desse innkjøpsprisane:

  • kaffiposar kr 48,–
  • appelsinjus kr 11,50
  • sjokoladekjeks kr 6,50
  • muffins kr 9,–
  1. Kva blir utsalsprisen inklusive meirverdiavgift for produkta?
  2. Kva blir meirverdiavgifta for kvart produkt?

Bruk gjerne "Kalkylar i Excel" når du løyser oppgåva.

Filer

CC BY-SASkrive av Steinar Madsen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kalkulasjon og svinn