Hopp til innhald

Fagstoff

Tapasbord

Tapas har blitt meir og meir vanleg i Noreg i seinare år. Tapas kjem frå Spania og er mat som byr på mykje smak. Ordet tapas kjem frå "å dekke til" eller "deksel" på spansk og er ei nemning på små kalde eller varme rettar som opphavleg blei etne med eit glas vin til, som eit lite mellommåltid.

Eit tapasbord består av mange små rettar og byr på noko for kvar smak. Det er vanskeleg å seie eksakt kva som skal vere på eit tapasbord, men nokre rettar går igjen.

Tapasrettar

  • spekemat som chorizo og serranoskinke
  • albondigas (spanske kjøttbollar)
  • skaldyr i ulike variantar
  • marinert kylling
  • tortilla (spansk omelett med potet)
  • assortert osteanretning
  • gazpacho (spansk tomatsuppe)
  • lefser fylte med spekeskinke
  • små poteter med krydder
  • dadlar i bacon
Focacciabrød på eit fat og smør, aioli, tapenade og oliven i skåler. Foto.

Tilbehøyr

  • brød: godt og smakfullt brød

  • smør: ulike typar smør eller margarin og god olivenolje

  • saus: aioli, tapenade, olje-/eddikdressingar

  • salatar: tomatsalat, grøn salat, pastasalat

  • oliven: eit utval av ulike typar oliven

  • nøtter: salte og rista nøtter

Eit stykke chorizopølse på ein kniv og eit glas sherry i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mengdeberekning

Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort tapasbordet er, og mengda kjøt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 g mat per person, inkludert tilbehøyr.

Drikke

Sherry, øl, lett raudvin eller fyldig kvitvin kan passe til tapasbord.

Alkoholfritt

Eplemost, isvatn og mineralvatn.

Relatert innhald

Når du skal lage mat til fleire, kan det vere greitt å vite kor mykje du skal rekne per person av kvar enkelt råvare.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Buffé