Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve om reklamefilm for Operasjon Dagsverk

Med utgangspunkt i ein reklamefilm for Operasjon Dagsverk skal du jobbe med kommunikasjonsprosessen og ulike former for massekommunikasjon.
Reklamefilmen for Operasjon Dagsverk i tekst

Intro med svart skjermbilete og ei stemme som fortel: "124 millionar ungdommar, akkurat som deg, kan verken skrive eller lese. Dei har ikkje moglegheit til å ta ei utdanning sjølv om det er det dei aller helst vil. Heldigvis."

Ein mann med grøn dress og same typen hatt som Robin Hood seier: "God dag. Mitt namn er Robin Good. De trur kanskje at eg er Robin Hood, men eg gjer ting litt annleis. I staden for å ta frå dei rike og gi til dei fattige, så tek eg frå dei fattige og gir til dei rike." Han blunkar og kastar hatten.

Vidare seier han: "Eg veit kva du tenkjer. Men er det rettferdig at vi skal skusle bort alt vi har oppnådd? Er det ikkje rettferdig at vi skal vareta interessene til landa våre? Det må vel vere rettferdig at ein bryr seg om seg og sine?" Robin Good snur seg mot kameraet, blunkar og seier: "Ja, eg trur det."

Han held fram: "I 1814 var forskjellen mellom verdas fattigaste og verdas rikaste sånn cirka 8 gonger. I dag er forskjellen 220 gonger så stor. Ja, ikkje så verst utvikling. Kan ikkje stoppe der." Robin Good kikkar smilande på eit nashorn-hovud som heng på veggen, og seier: "Fint nashorn, ikkje sant? Eg har skote han sjølv."

Og han held fram: "Eg må jo seie det at eg synest vi har vore ganske så flinke. I fjor klarte vi å få ti gonger så mykje pengar tilbake frå Afrika som det vi gav til dei. Vi låner ut mykje pengar, og så krev vi masse renter tilbake. Så det er eit fantastisk fint opplegg.

Du veit kva vi seier, ikkje sant? 'Leve Vesten, la oss halde fram festen.' Men desse menneska, dei veit jo korleis dei skal klare å forandre det vi i Vesten har bygd opp gjennom fleire hundreår." Robin Good tek opp eit bilete og seier: "No har nokre kvinner klart å tuske til seg ei utdanning, og så tek dei med heile familien sin. Dette er éin familie. Dette her er bekymringsverdig. Utdanning er livsfarleg. Altså, vi må berre ikkje gi oss; vi må stanse alle prosjekt som bidreg til utvikling."

Han kikkar rett i kameraet og seier alvorleg: "Éin skuledag med innsats frå deg vil gi cirka eitt års utdanning for folk i Malawi eller Etiopia. For guds skuld, sei nei til deltaking i Operasjon Dagsverk. Det er til ditt eige beste."

Oppgåve 1

Sjå reklamefilmen for Operasjon Dagsverk éin eller fleire gonger.

Etter at du har sett reklamefilmen, skal du reflektere over det følgjande:

  1. Kven er avsendaren i denne reklamefilmen? Kven er i målgruppa og er meint som mottakarar av denne reklamefilmen, trur du?
  2. Kva er bodskapen, og korleis blir dette koda? Vurder korleis du trur dei fleste mottakarar dekodar bodskapen. Grunngi.
  3. Kva meiner du kan oppfattast som støy i denne filmen?

Oppgåve 2

Foreslå andre former for massekommunikasjon som Operasjon Dagsverk kan nytte. Vurder om bodskapen bør kodast annleis enn i reklamefilmen, dersom Operasjon Dagsverk skal bruke andre kommunikasjonskanalar. Grunngi.

CC BY-SASkrive av Kristoffer Heide Kitterød og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon