Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vel yrkesfag – bli ingeniør!

En ingeniør gjør undersøkelser ved et kraftverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Oppgåve

Les tekstdømet "Vel yrkesfag – bli ingeniør!" og jobb med spørsmåla nedanfor:

  1. Kva er tema for dette lesarinnlegget, og kva syn er det skrivaren forfektar?
  2. Kva for ei målgruppe vender ho seg til?
  3. Innlegget følgjer i all hovudsak grunnoppskrifta «den gylne handa». Peik på konkrete trekk ved teksten som provar dette.
  4. Korleis bruker skrivaren eigen person og eigne røynsler (= eige truverd) i argumentasjonen?
  5. Sjå på setningsbygninga. Er setningane lange eller korte? Kva for konjunksjonar og subjunksjonar er brukte? Opplever du språket som lett eller tungt?
  6. Kva vil du seie er dei ti viktigaste plussorda i teksten? Er klassen samde om kva for ord som er viktigast?
  7. Kva for andre språklege verkemiddel har skrivaren brukt?
  8. Har skrivaren klart å velje innhald, språk og tone som kan overtyde målgruppa? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Å lage ein disposisjon er å skrive ned stikkord til kva du skal seie, i den rekkjefølgja du har tenkt å seie det.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Retorikk i bruk