Hopp til innhald

Fagstoff

Svartedauden i Noreg

Svartedauden («den store mannedauden») markerer ein ny tidsperiode i norsk mellomalder, seinmellomalderen. Ifølgje islandske kjelder kom svartedauden til Noreg via eit engelsk skip som la til i Bergen (Bjørgvin) sommaren 1349.

Svartedauden kjem

Frå Bergen skal smitten så ha spreidd seg som ein farsott over heile landet. Men desse gamle kjeldene hadde berre kjennskap til kysten på Vestlandet og nordover.

Nyare kjelder argumenterer derimot for at svartedauden kom til Oslo hamn alt i 1348, og at han spreidde seg til delar av Austlandet derfrå fram til vinteren same år. Men så ser det ut til at han gjekk i vinterdvale før han på nytt spreidde seg våren 1349.

I løpet av nokre månader hadde svartedauden utsletta kring 60 prosent av befolkninga i Noreg. Det siste kjende offeret for pesten var biskopen i Stavanger, Guttorm Pålsson, som døydde 7. januar 1350.

Kva er svartedauden?

Svartedauden er ein gnagarsjukdom som blir spreidd via lopper. Når loppa når rottene, er vegen til menneska kort. Ein trur at det var den svarte rotta (Rattus rattus) som spreidde smitten i 1340–1350-åra. Smitta rotter gjekk ombord på skipa som låg i hamn, og slik spreidde pesten seg til rotter i nye hamnebyar. Når rottekoloniane døydde ut av pesten, hoppa loppene vidare over på menneska.

Svartedauden eksisterer framleis den dag i dag og artar seg i to former: byllepest og lungepest. Han er framleis ein farleg sjukdom, men om du når legen i tide, vil du med legemidla vi har i dag, ha ein svært god sjanse for å overleve. I dag er dødstalet for byllepest 0–5 prosent og for lungepest 5–10 prosent.

Legane i mellomalderen hadde ikkje antibiotika å tilby pasientane sine. Av dei som fekk byllepesten, overlevde om lag 20 prosent, mens lungepesten tok alle.

Korleis smitta pesten?

I dei tettbygde mellomalderbyane var forholda optimale for ein pandemi som svartedauden. Den personlege hygiena til folk var ikkje like god som i dag. Lopper og lus var ein del av kvardagen. Rottene var heller ikkje eit ukjent syn i heimane. Når rottekoloniane døydde ut, var der derfor lett for loppene å hoppe vidare på menneska og spreie smitten der.

På landet var det derimot ikkje like trongt og skite, og dessutan likte den svarte rotta det norske innlandsklimaet dårleg. Ho føretrekte hamnebyane. Likevel spreidde smitten seg frå gard til gard og bygd til bygd. Her har sedvanene til folk hatt mykje å seie.

Når nokon blei sjuke, var det normalt høfleg å besøke den sjuke og familien. Når denne personen seinare døydde, møtte ein på nytt opp til likvaka (ein vaka over den daude natt og dag) og sjølve gravferda. Ettersom klede var ei luksusvare, var det også vanleg å arve klede og lintøy (mellom anna sengetøy) etter den daude. Slik spreidde loppene seg til nye offer.

«Pesta»

Legane på denne tida hadde inga omgrep om bakteriar og smitte på same måten som vi har i dag. Legevitskapen på den tida baserte seg på greske teoriar om at sjukdom kjem av urein luft. Dei rådde derfor folk å dekkje til munn og nase. Denne tankegangen fungerer greitt ved sjukdommar som blir spreidde ved dropesmitte, men ikkje mot ein sjukdom som blir spreidd ved hjelp av loppebitt.

På folkemunne blei smitten forklart med at det var ein kvinneskikkelse, «Pesta», som spreidde sjukdommen. Ho var utstyrt med to typiske reiskapar for tida, ein kost og ei rive. Der ho kosta for døra, overlevde ingen på garden. Om ho derimot brukte riva, ville nokre få sleppe unna dauden.

Pesta gjorde ikkje forskjell på folk. Alle, same kva for stand i samfunnet, blei råka. Særleg var prestane utsette. Gjennom virket sitt som sjelesørgjarar kom dei i kontakt med mange pestoffer.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Demografiske endringar