Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulike samarbeidsformer

Her finn du seks oppgåver om samarbeidsformer i service- og handelsnæringa. Oppgåvene eignar seg både til individuelt arbeid og gruppearbeid og til framføring eller presentasjon i klassa.
Logoen til Seven-Eleven-kjeda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – matvarekjeder

  1. Kva er dei fire største matvarekjedene i Noreg, og kva butikkar er det dei ulike kjedene eig?

  2. Kor stor del av den norske marknaden har dei enkelte kjedene?

  3. Kva fordeler og ulemper er det med slike store kjeder?

  4. Kva er det som skil dei enkelte butikkane frå kvarandre?

  5. Skriv ein kort presentasjon av det du har funne ut.

Oppgåve 2 – vertikal integrasjon

  1. Forklar kva vi meiner med vertikal integrasjon.
  2. Finn andre døme på kjedesamarbeid i handels- og servicenæringa (utanom daglegvarehandelen).
  3. Finn døme på vertikal integrasjon der produsent, grossist og detaljist har same eigar.

Oppgåve 3 – kjedebutikkar i lokalmiljøet

  1. Gå saman to og to og list opp så mange kjedebutikkar som de kan kome på. De får ti minutt på dykk.
  2. Lag ei liste over alle kjedebutikkane i lokalmiljøet dykkar. Kva bransjar dominerer?
  3. Gå saman i grupper på tre, vel ut éi kjede frå lista over og lag ein kort presentasjon av denne kjeda.

Oppgåve 4 – frivillige kjeder

  1. Forklar kva vi meiner med frivillige kjeder.
  2. Finn døme på frivillige kjeder og lag ei liste over dei.
  3. Vel ut ei bedrift i ei av kjedene og finn ut meir om korleis kjedesamarbeidet går føre seg. Kva fordeler har bedrifta av samarbeidet? Intervju gjerne nokon i leiinga. Lag ein kort rapport eller ein presentasjon.

Oppgåve 5 – franchising versus frivillige kjeder

  1. Forklar kva vi meiner med franchising.
  2. Kva er forskjellen mellom franchising og frivillige kjeder?
  3. Kva er likskapen?

Oppgåve 6 – filialføretak

  1. Forklar kva vi meiner med filialføretak.
  2. Kan du finne døme på filialføretak?
  3. Sjå om du kan finne døme på filialføretak i lokalmiljøet.

Relatert innhald

Det finst ulike typar kjedesamarbeid. Slike samarbeid kan vere frivillige kjeder, franchising, kommisjonærkjeder, filialføretak og strategiske alliansar.

CC BY-SASkrive av Mette Holan, Hanne-Lisbet Løite og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018

Læringsressursar

Samarbeidsformer i handelsnæringa