Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver om p for produkt

Her finn du fire oppgåver som omhandlar konkurransemidlet produkt. Oppgåvene egnar seg godt til gruppearbeid og til diskusjon eller framføring i klassa.
iPad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Finn døme på produkt som er:

  • heilt nye på marknaden
  • har vore på marknaden ei stund
  • er på veg ut av marknaden

Oppgåve 2

Korleis er marknadsmiksen for produkta til Apple produkt? Vel eitt Apple-produkt og beskriv kvart enkelt konkurransemiddel.

Oppgåve 3

a) Vel tre ulike butikkar/utsalsstader, for eksempel ein matbutikk, ei sportsforretning og ein klesbutikk.

Vurder vareutvalet i dei tre ulike butikkane. Kva varer har dei, og korleis er breidda og djupna i vareutvalet? Er det varer du saknar i butikkane? Er det varer du synest butikkane bør ta ut av sortimentet sitt?

b) Vel tre butikkar som sel same type varer (for eksempel tre klesbutikkar) og vurder vareutvalet. Kva varer har dei, og korleis er breidda og djupna i vareutvalgt? Kvifor trur du butikkane er like/ulike i sortimentet sitt?

Oppgåve 4

Beskriv kva kjerneproduktet, det konkrete produktet og det utvida produktet er for

  • ein mobiltelefon
  • ei kinoframsyning
  • eit restaurantbesøk
  • ein frisørtime
  • eit par jeans
  • eit par solbriller
  • ei hotell-overnatting

Du kan òg velje deg noko anna som du meiner kan vere interessant å dele inn i dei ulike produktnivåa.

Relatert innhald

Det utvida produktet er eit omgrep vi stadig støyter på når vi snakkar om produkt og service. Her skal vi sjå litt nærare på kva vi legg i dette omgrepet.

Eit av dei viktigaste konkurransemidla ei bedrift har, er sjølve produktet. Eit produkt kan vere både varar og tenester.

CC BY-SASkrive av Mette Holan og Hanne-Lisbet Løite.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2018

Læringsressursar

Dei fem p-ane