Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåvene til resepsjonisten

Oppgåva til resepsjonisten er å avdekkje kva ønske og behov dei ulike gjestene har. Vi må gå ut frå at gjesten kjenner sine eigne behov. Når vi snakkar med gjesten, kan vi finne ut kva han eller ho ønskjer. Kva for oppgåver har ein resepsjonist ansvar for?
Resepsjonist - Stena Saga
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåver

1. Oppgåva til resepsjonisten

Drøft og gi døme på arbeidsoppgåvene til resepsjonisten.

Hjelpespørsmål: Kva vil du seie er typiske arbeidsoppgåver og kjenneteikn på arbeidssituasjonen til resepsjonisten? Kvifor meiner mange at resepsjonisten har den viktigaste oppgåva på eit hotell?

2. Råda til resepsjonisten

Korleis oppfattar du behova hos dei tre gruppene? Kva kan du gjere for å avdekkje behova? Korleis vil du plassere gjestene på rom? Kva for aktivitetar vil du tru dei ulike gjestene ønskjer seg?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Behov og ønske