Hopp til innhald

Kortfilm

Bonki

Nils bur på ein alders- og sjukeheim, der pleiarane trur han er dement. Sjukepleiarstudenten Karen byrjar å jobbe på sjukeheimen. Nils og Karen får etter kvart ein spesiell kontakt.

Handlinga

Sjukepleiarstudenten Karen byrjar å jobbe på sjukeheimen for å få praksis. Ho oppdagar at Nils reagerer på samisk språk, noko ingen har oppdaga tidlegare. Karen oppdagar også at Nils har noko viktig han vil fortelje henne – og det hastar.

Sjefssjukepleiaren meiner Karen kastar bort tida på den gamle mannen som snart skal døy. Kva gjer Karen? Følgjer ho hjartet eller retningslinjene i jobben?

Samisk myte

Filmen er også basert på ein samisk myte. Dei ulike forteljarplana i filmen reflekterer dette.

CC BY-SASkrive av Norsk filminstitutt og Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Helse