Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er god informasjon?

Tilgang til informasjon som vi kan stole på, har vorte så viktig at kvalitetssikring av informasjon er eit eige fagområde. Kva er god informasjon?

Oppgåve

  1. Kva meiner vi med informasjon av god kvalitet?
  2. Kan du gi eksempel på ein situasjon der forelda informasjon kan skape problem?
  3. Kan du tenkje deg situasjonar der det er viktig å finne korrekt informasjon og vurdere kvaliteten på informasjonen i det yrket du har tenkt å utdanne deg til?
  4. Det er ikkje all informasjon på Internett som er rett eller sann. Kva trur du kan vere årsaka til at somme publiserer ukorrekt informasjon på nettet?
  5. Bruk ei søkjeside og søk etter «korrekte kjeldetilvisingar» («riktige kildehenvisninger»). Kva finn du av informasjon om dette for elevar i vidaregåande skule?
  6. Har du sjølv brote lova om opphavsrett?

Relatert innhald

Det er lett å kopiere frå Internett og andre digitale medium, men det er ikkje alltid lovleg. Kunnskap om opphavsrett er difor viktig.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Informasjonsformidling