Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etisk handel

Kva legg du i uttrykket rettferdig handel? Tenkjer du over kvar varer er produserte, og kven som har laga dei? Kvar er joggeskoa dine laga? Korleis er dei framstilte, og kva materiale er dei laga av?

Ta stilling til påstandane nedanfor og diskuter i grupper:

  • Eg har god kunnskap om kvar varene eg kjøper, blir produserte. (ja/nei)
  • Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer som er produserte av barn. (ja/nei) Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer som er produserte av folk som har låg lønn og lang arbeidsdag. (ja/nei)
  • Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer som er produserte av folk som har eit utrygt og dårleg arbeidsmiljø. (ja/nei)
  • Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer frå produsentar som forsøplar miljøet eller slepper ut giftige stoff. (ja/nei)
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2017

Læringsressursar

Etikk og personvern