Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Flytskjema med iterasjon

Iterasjon betyr gjentaking. Val og gjentaking er datamaskiner gode til. Ordremottak er ein arbeidsprosess, men flytskjema kan også brukast på meir banale prosessar, som å krysse ein veg. Dette er tema i denne oppgåva.
Piler som går hver sin vei på kumlokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal lage eit flytskjema som viser kva slags informasjon ein fotgjengar får, og kva val han må ta, når han kryssar ein veg utanom ein fotgjengarovergang.

Krav til oppgåva: Skjemaet kan lagast i Creately eller eit tilsvarande verktøy. Pilane skal gå i riktig retning, og vala skal vere merkte med "Ja" og "Nei".

Alle prosessar og valboksane skal ha namn. Skjemaet skal eksporterast.

Relatert innhald

Prosessflytdiagrammet gjer det enklare å sjå heilskapen i prosessen og samanhengen mellom dei ulike stega og arbeidsoppgåvene.

CC BY-SASkrive av Kjell Arild Welde.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018

Læringsressursar

Kravdefinisjon