Hopp til innhald

Fagstoff

Leikeplassutstyr

Leiken er viktig for utviklinga til barn. Den skal lokke barna til å vere i rørsle og gi grunnlag for grovmotorikken, noko som igjen er utgangspunktet for all seinare fysisk aktivitet.

Apparater til barn

Husker, fjørhusker, sklier, aktivitetsløyper, klatretårn, bilar, sjørøvarskuter, balanseapparat og andre leikeapparat gir barna god fysikk, og dei medverkar til å betre muskelstyrken, uthaldet og rørsleevna til barna. I tillegg får barna utløp for fantasi og kreativitet.

Strenge krav

Det er strenge krav til leikeplassutstyr. Det må tole stor belastning og hyppig bruk, og det må kunne brukast av barna utan tilsyn frå vaksne. Alle apparata skal vere merkte, og det skal følgje med produktrettleiing, monteringsrettleiing og tilrådingar om bruk. Krava gjeld anten utstyret er produsert av profesjonelle eller laga på dugnad.

Styresmaktene har utarbeidd ei eiga forskrift om sikring av leikeplassutstyr.

Krava omfattar:

Fysiske og mekaniske eigenskapar

Alle delane ved utstyret skal ha avrunda hjørne og kantar. Opningar og avstandar mellom delane skal vere utforma slik at barn ikkje blir sitjande fast. Dersom opningane kan variere etter korleis leikeapparatet blir brukt, skal mellomrommet vere så stort at barnet ikkje kjem i klem (at det ikkje er klemfare). Trapper, ramper og liknande skal ha ei form for rekkverk for at barna ikkje skal falle ned.

Termiske eigenskapar

Utstyr som har overflater av metall, kan bli svært varme om sommaren, og svært kalde om vinteren. I verste fall må overflatene dekkjast til. Det er også viktig å vere merksam på at ein del utstyr kan bli øydelagt eller redusert av frost som dannar sprekker i materialet.

Brann- og eksplosjonseigenskapar

Få leikeapparat har slike eigenskapar i dag, men det kjem stadig nye oppfinningar på marknaden. Somme består av kunststoff som lett kan ta fyr om dei kjem i kontakt med eld eller gneistar frå ei elektrisk tilkopling. Oppblåsbare hoppeslott kan vere eit døme.

Kjemiske eigenskapar

Leikeplassutstyr skal ikkje gi frå seg helseskadelege kjemikalium eller gassar. Det er forbode å bruke trevirke som er impregnert med kreosot, på leikeplassar og andre stader der det kan komme i kontakt med hud. Det er også forbode å bruke trevirke som er behandla med kjemiske sambindingar av krom eller arsen.

Elektriske eigenskapar

Utstyr som går på straum, som lyser eller gir frå seg varme, kan medføre fare for kortslutning eller brann.

Andre eigenskapar

Dersom fallhøgda frå leikeplassutstyret er over 60 centimeter, må fallunderlaget vere støytdempande. Det skal aldri vere betong, stein eller asfalt under leikeplassutstyr som barn kan falle ned frå. Det skal også vere ei viss sikringssone rundt dei ulike leikeapparata. Formålet er å unngå kollisjonar.

Styresmaktene har i tillegg vedteke fleire standardar for korleis produsenten eller forhandlaren kan oppfylle krava i leikeplassforskrifta.

Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap som fører tilsyn med dei fysiske eigenskapane til leikeplassutstyr.

Statens forureiningstilsyn (SFT) fører tilsyn med at støykrava og krava til dei kjemiske eigenskapane til leikeplassutstyret er oppfylte.

Leikeplassar blir brukte av menneske i ulike aldrarmenneske med ulike funksjonsnedsetjingar og med ulike føresetnader. Det er viktig å sikre at leikeplassar er trygge uavhengig av kven som bruker leikeplassen.

Nokre utfordringar til deg

  1. Lag ei oversikt over krava som blir stilte til ein leikeplass.
  2. Oppsøk leikeplassar i nærmiljøet og vurder tryggleiken der. Diskuter i klassen.
  3. Intervju tilsette i barnehage eller skule om korleis dei tek hand om tryggleiken på leikeplassane.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Einar Gjærevold. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg