Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv fraktbrev og lag reiserute

I denne oppgåva skal du lage reiseruta til ei leveringsadresse du har fått oppgitt. Sendar i dømet vårt held til på Vestlandet, og her er det ofte dårleg vêr. Då er det særleg viktig at du tek omsyn til vegmeldingar, og at du veit kvar dei ulike vegane er.

Oppgåve 1

Bruk opplysningane nedanfor og fyll ut eit fraktbrev.

  • Godset består av 24 stk. IBC-konteinarar à 1000 liter.

  • Kvar konteinar har ei vekt på 1095 kg og inneheld måling eller lakk eller målingsrelatert stoff (inklusive målingstynnar eller målingsfjernar); godset skal ha varseletikett UN 1263 og høyrer til emballasjegruppe III.

  • Sendar er Steen-Hansen AS, Ulsmågvegen 24, 5224 Nesttun.

  • Mottakar er Egersund Not, Varbergveien 51, 4371 Egersund.

  • Leveringsadresse er Egersund Not, 8976 Vevelstad.

  • Mottakar betaler frakt.

Oppgåve 2

  1. Lag ei reiserute og legg opp turen slik at du får levert varene før kl. 14.00 på torsdagen i veka som kjem.

  2. Forklar korleis du kjem fram til svaret ditt.

Oppgåve 3

Skriv merkelappar til 3 stk. IBC.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jens M. Bernssen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2023

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon