Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Persontransport utanfor rute

Ein turoperatør marknadsfører turane sine med at sjåføren på bussen skal guide dei reisande på heile turen og også ta seg av det praktiske når det gjeld måltid og hotell. Det er viktig at du veit kva for kunnskapar og eigenskapar ein som sjåfør må ha for å fylle ei slik rolle.
Turbuss med passasjerer utenfor. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei gruppe pensjonistar skal ut på tur med A/S Fjordbuss. Dei skal reise frå Lillehammer via Geiranger til Molde. I Geiranger skal dei overnatte på eit hotell. Dagen etter skal dei køyre Trollstigen og vidare til Åndalsnes og Molde.

Sjåføren skal ha med seg en gruppe pensjonister. Han møter gruppa ein kveld før turen startar, og informerer dei om korleis turen er lagd opp med tanke på stopp undervegs, hotell, mat med meir.

Oppgåvene bør løysast i grupper, og det er mogleg å fordele oppgåvene mellom gruppemedlemmene eller mellom gruppene.

Oppgåve 1

Lag ein presentasjon der du er sjåføren og skal fortelje kundane (passasjerane) dine kva dei bør ha med seg av personleg utstyr og dokument på turen, og om fasilitetar i bussen.

På denne turen passerer de mange turistattraksjonar som du bør fortelje passasjerane dine om. Lom er ein nasjonalparklandsby og er kjend både nasjonalt og internasjonalt.

Oppgåve 2

Som guide skal du nå lage ein presentasjon der du fortel kva Lom er kjend for, og spesielt om Lom stavkyrkje.

På turen vidare frå Lom køyrer de opp på Strynefjellet og vidare ned mot Geiranger.
Du gjer ein stopp på ein av dei mest kjende "fotostoppane" i Noreg, nemleg Flydalsjuvet. Herifrå ser du Geirangerfjorden med fossar og fjell rundt fjorden.

Oppgåve 3

Du skal lage ein presentasjon som handlar om Geiranger som turiststad og dei attraksjonane ein vi kan oppleve på denne fantastiske staden.

Turen vidare frå Geiranger til Molde har også mange attraksjonar som ein guide må presentere på turen.

Oppgåve 4

Finn fram til to ulike objekt eller attraksjonar på denne strekninga som du vil omtale. Skriv ned i stikkordsform kva du vil prioritere i omtalen, og presenter dette for klassen.

Relatert innhald

Du har tidlegare lært at service er ei teneste. Vi beskriv her kva for eigenskapar kundane etterspør før og under transport.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2018

Læringsressursar

Persontransportsystem