Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Persontransport - Norbjørn AS

I denne oppgåva skal du på vegner av busselskapet Norbjørn A/S planleggje ei reiserute og drøfte kva som krevst av ein sjåfør for å kunne utføre slike transportoppdrag.

Parkeringsplass for buss på Haukelifjell.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Busselskapet Norbjørn A/S driv med turbilkøyring i innland og utland. Firmaet samarbeider med reisebyrået Norreiser A/S, som er spesialistar på bussreiser for lag og foreiningar. Firmaa har satsa på kvalitet, og stiller dermed store krav til sine tilsette, spesielt til dei som skal representere selskapet som sjåførar og reiseguidar.

Som turoperatørar har firmaa satsa på Skandinavia, Tyskland og Frankrike. Det inneber at dei tilsette til kvar tid må vere oppdaterte på EUs lovverk.

  • Kva for hovudoppgåver har busselskapet Norbjørn A/S når dei planlegg ei vekes tur med reiserute til dømes til Rhindalen i Tyskland?
  • Lengre transportoppdrag krev spesielt mykje av sjåføren.
    Forklar kva for eigenskapar, kvalifikasjonar og kunnskapar sjåføren bør ha for å kunne utøve dette yrket, med tanke på

1. service og kundebehandling (kva er kvalitet i denne samanhengen?)
2. køyretøyet (kva skal kontrollerast?)
3. dokument og dokumentkunnskap
4. trafikkreglar/forskrifter
5. miljø og tryggleik
6. sjukdomstilfelle under turen (korleis opptre?)
7. varekjøp/tollklarering (info)
8. samarbeid

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2018

Læringsressursar

Persontransportsystem