Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Overvaking på arbeidsplassen

Oppgåva set søkjelyset på kontroll og overvaking på arbeidsplassen, kva konsekvensar det kan få, og kva for lover og reglar som gjeld.
Skulebygg med eit skilt på ein vegg som opplyser om at området er kameraovervaka. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Ta utgangspunkt i sjekklista frå Datatilsynet for kameraovervaking som de finn i fagteksten Personvern på arbeidsplassen. Drøft situasjonen på ein arbeidsplass de kjenner til, eller på skulen.
  2. Når vi snakkar om kameraovervaking, så seier vi gjerne at det blir stilt krav om naudsyn. Kva inneber dette?
  3. Vi seier ofte at det er krav om føremålsavgrensing, naudsyn og interesseovervekt. Kva meiner vi med desse tinga?
  4. Kor langt skal ein arbeidsgivar kunne gå i å kontrollere dei tilsette?

De finn meir informasjon i lovreglane om kameraovervaking i personopplysningslova, kapittel 8.

Drøft oppgåva i grupper og/eller i klassa.

Relatert innhald

Her set vi søkjelyset på kontroll og overvaking på arbeidsplassen, kva konsekvensar det kan få, og kva for lover og reglar som gjeld.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.11.2017

Læringsressursar

Personvern