Fagstoff

Om læringsressursen Noreg og EU

Publisert: 21.05.2014, Oppdatert: 14.03.2016
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
EUprosjekt ingressbilde

Dei siste åra har ein blitt merksame på at unge har for dårleg kunnskap når det gjeld EU, og ikkje minst Noreg sitt tilhøve til EU. NDLA har saman med Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) fått i oppdrag å utarbeide ein læringsressurs for å heve kunnskapsnivået mellom skoleungdom.

NDLA samarbeider med SIU og Utanriksdepartementet (UD) for å formidle kunnskap om EU og Noreg sitt tilhøve til EU gjennom m.a. EØS-avtalen og Schengenavtalen. Oppgåva vår er å tilby fagstoff, aktualitetar, oppgåver og bilete som er pedagogisk og fagleg tilrettelagt for undervising i vidaregåande skole.

Under denne læringsressursen vil du finne følgjande:

  • Fakta om EU
  • Fakta om Noreg sine avtalar med EU, EØS-avtalen og Schengen-avtalen.
  • Fagstoff som tek for seg ulike problemstillingar ved tilhøve innanfor EU, og i samarbeidet med Noreg.
  • Om ungdom i Europa.
  • Ulike oppgåver: oppsummeringsoppgåver, oppgåver til teksten og drøftingsoppgåver.

 

Arbeidet vårt med denne læringsressursen har fått økonomisk stønad frå Utanriksdepartementet.