Aktualitet

Blåblå mediepolitikk i 2014

Publisert: 14.05.2014, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

mediestrategi logo  

Hugselappen

Regjeringa Solberg foreslår store endringar i norsk mediepolitikk:

  • reduksjon i pressestøtta
  • plattformnøytral moms og pressestøtte
  • kutt i NRK-lisensen og gjennomgang av NRK si verksemd
  • kutt i støtta til norsk film

Regjeringa ønskjer å fremje innovasjon og satsing på digitale løysingar.

 

Det bekymrar kritikarane at mediemangfaldet blir svekt, og at det blir mindre pengar til kvalitetsjournalistikk.

 

 

Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen kommer sammen med den påtroppende regjeringen høsten 2013Regjeringa Solberg tar til orde for ein blåblå mediepolitikk.  

Oslo (NTB): Etter regjeringsskiftet har Høgre og Framstegspartiet tatt til orde for å setje eit tak på pressestøtta, redusere auken i NRK-lisensen og innføre plattformnøytral moms og pressestøtte.

Allereie før valet tok dei to borgarlege partia til orde for å endre den norske mediepolitikken, blant anna ved å redusere pressestøtta.

– Det er eit mål for regjeringa å gjere pressa mindre avhengig av statlege støttetiltak. Vi ønskjer ein ny mediepolitikk som fremjar innovasjon og støttar opp under den digitale satsinga, sa kulturminister Thorhild Widvey (H), som har ansvaret for mediepolitikken, til NTB i november i fjor.

aviser  

Pressestøtte

Pressestøtte er eit økonomisk bidrag frå staten til norske aviser i form av subsidiering og produksjonstilskot.

 

Dei fleste aviser som får produksjonsstøtte, er nr. 2-aviser og minoritetsaviser.

 

Pressestøtta vart oppretta i 1969 som eit statleg verkemiddel for å halde oppe eit breitt mediemangfald i Noreg.

Tak på pressestøtta

Før valet ville Høgre opphavleg redusere den direkte pressestøtta, også kalla produksjonsstøtta, frå 300 til 200 millionar kroner. Frp ville på si side kutte 180 millionar i første omgang og på sikt fjerne støtta heilt. Det førte til protestar frå meiningsberande riksaviser som Klassekampen, Dagsavisen og Vårt Land, men i statsbudsjettet for 2014 var det ingen store kutt.

Men i ei stortingsmelding som kom i vår, har regjeringa gått inn for å leggje eit fast tak som skal hindre at eit medieselskap kan få meir enn 40 millionar kroner i tilskot i året. Alle dei som får pressestøtte, ligg langt under dette taket med unntak av Dagsavisen og Vårt Land. Dei får rundt 41 millionar kroner kvar.

Plattformnøytral støtte

Under den nye regjeringa har det òg vorte klart at mediehusa no kan få pressestøtte også når dei publiserer innhald på dei elektroniske plattformene. Overgangen til ei såkalla plattformnøytral pressestøtte – det vil seie at pressestøtta er uavhengig av om avisene kjem ut på papir eller på andre måtar – vart helst velkommen av dei fleste i mediebransjen.

Regjeringa må sjekke alt mot EØS-avtalen når dei gjer endringar i statsstøtteordningane, og EFTAs overvakingsorgan må godkjenne endringane. Der fekk regjeringa i mars i år grønt lys for å gå vidare med den plattformnøytrale støtta.

– Mangfald i media er eit samfunnsmål som kan rettferdiggjere bruken av statsstøtte, og ESA har komme fram til at produksjonstilskot framleis er ein tenleg måte å støtte dei norske nyheitsmedia på, skreiv kontrollorganet i konklusjonen sin.

Plattformnøytral moms

Når regjeringa legg fram statsbudsjettet for 2015 i haust, kjem framlegget deira truleg til å innehalde ein felles lågmomssats for heile mediebransjen. I dag er det ikkje moms på papiraviser, mens nettavisene må betale full moms til staten, det vil seie 25 prosent.

– Papir og nett er i praksis ofte ulike publiseringsplattformer for eit tilnærma likt redaksjonelt innhald. Det gir då lita meining å forskjellsbehandle desse i avgiftssystemet, sa Widvey i november.

Men somme fryktar at ein felles, men låg, momssats kan føre til at ein del aviser må stoppe pressene for godt. For med ein slik sats får ein del medium som er store på nettet, lågare moms, mens effekten blir motsett for dei tidlegare momsfrie papiravisene.

NRK-bygget på Marienlyst i Oslo  

Sven Egil Omdal er kritisk til mediepolitikken til den blåblå regjeringa.

 

Les mediekommentaren hans:

To kill a licence 

 

 

Kutt i NRK

NRK-lisensen vart i år auka med 45 kroner, 10 kroner mindre enn det den raudgrøne regjeringa foreslo og halvparten av dei 90 kronene NRK sjølv bad om. Allmennkringkastaren fekk dermed ikkje kompensert for kostnadsveksten dei har hatt, og har vorte nøydd til å gjere ein del kutt i 2014.

I dei kommersielle media har fleire aktørar sagt at dei uroar seg for den stadig sterkare posisjonen NRK har på nettet. Den NRK-drivne nettstaden yr.no var den nest største nettstaden i landet i fjor etter VG Nett. NRK.no kom på ein sjetteplass.

– Det er tydelegare enn før at marknadsposisjonen til NRK kan vere ei utfordring. Og eg er glad for signala frå NRK om at kringkastaren skal fokusere på kjerneoppgåvene, har Widvey sagt.

Frp har programfesta at dei vil avvikle heile lisensen, og at staten skal selje NRK. Høgre vil halde på lisensen, men meiner at NRK ikkje skal utfordre private aktørar utanfor kjerneområdet sitt.

Kutt i filmstøtta

Kritikken har vore krass etter at regjeringa kutta 36 millionar kroner i produksjonsstøtta til Norsk filmfond og meinte at private kan betale meir. Det betyr at regjeringa vel å kutte løyvingane med tre eller fire filmar i året, meinte bransjen sjølv.

– Eg er ikkje opptatt av at det skal produserast 25 norske filmar i året, slik den førre regjeringa var. Det er ikkje saliggjerande for det å skape god norsk film, sa Widvey til NTB.

– Men dette kjem først og fremst til å gå ut over kvalitetsfilmen. Det er kvalitetsfilmane som er mest avhengige av å få førehandsstøtte, og det er dei det er vanskelegast å finansiere med private pengar, sa filmprodusent Yngve Sæther i ein debatt.

Kritikk frå bransjen

2014 har vorte året då mange mediehus og aviser har måtta kutte på grunn av opplagsnedgang og lågare annonseinntekter. Derfor åtvarar bransjen mot å redusere pressestøtta i statsbudsjetta framover.

– Økonomisk er det snakk om relativt små beløp, men konsekvensane kan bli svært store, poengterer Paul Bjerke i Norsk medieforskerlag.

– Vi har eit unikt mediemangfald og meiningsmangfald i Noreg. Det er eit viktig bidrag til demokratiet. Og i den vanskelege tida mediehusa er i no, trengst kvar krone, meiner leiar Randi S. Øgrey i Mediebedriftenes Landsforening.

Mediekommentator Sven Egil Omdal er bekymra for framtida til pressa og etterlyser ein meir ambisiøs mediepolitikk.

– Politikarane burde bekymre seg djupt og inderleg over at den journalistiske overvakinga av lokalsamfunnet forvitrar, over at utanriksjournalistikken skrumpar inn (...), over at det knapt finst kulturredaksjonar igjen i avisene, og over at stadig meir av den journalistiske produksjonen blir utført av menneske som ikkje rører seg utanfor veggene i mediehusa, skreiv han i Stavanger Aftenblad.

Oppgåver