Essay
Sitat
"Essayet har fantasien felles med diktekunsten og begrepa felles med vitskapsprosaen".
Ottar Grepstad, sakprosaforsker
Diskuter
Når elevar og studentar i engelsktalande land får beskjed om å skrive eit essay - kva slags tekst skal dei da levere?
Kva essaytype er den vanlegaste ved skriftleg eksamen i norskfaget?
Ein mediesjanger
Essayet er ein skriftleg sjanger som vi først og fremst finn i tidsskrift og bøker. Vi kan derfor kalle essayet ein mediesjanger: Teksten blir formidla gjennom massemedium, og forfattaren rettar seg mot eit større publikum.
I slekt med kåseriet
Kåseriet og essayet har ein del fellestrekk. Både kåsøren og essayisten behandlar emnet sitt på ein subjektiv måte. Begge har meiningar og synspunkt dei vil fremje, og begge legg vekt på ein medviten, gjennomarbeidd språkbruk.
Men kåseriet er opphavleg ein munnleg sjanger, og vi forventar derfor at språket skal ha eit lett og munnleg preg. Essayet derimot har alltid vore ein skriftleg tekst. Essayisten behandlar dessutan emnet på ein grundigare måte enn kåsøren.
Utprøvande skriving
Eit essay kan handle om vitkaplege, filosofiske, moralske eller meir kvardagslege emne. Formålet er å nærme seg emnet frå ulike retningar. Den som skriv eit essay om kjærleik, kan for eksempel trekkje inn eigne observasjonar, dikt og annan skjønnlitteratur, ordtak, filosofiske refleksjonar eller forskningsresultat frå samfunns- eller naturvitskapen.
Essayforfattaren prøver seg fram, utan strenge krav til vitskapleg metode, logisk rekkjefølgje eller fullstendig argumentasjon. Lesaren får ta del i ein tankeprosess og blir med på ei vandring gjennom emnet saman med forfattaren .
Ein essayist har synspunkt og argumenterer for dei, men målet er ikkje nødvendigvis å komme fram til ein klar konklusjon. Sjølve vandringa gjennom emnet er like viktig som målet. Essay-forfattaren er mest oppteken av å vise utenkte samanhengar, han vil overraske og tvinge lesaren til å tenkje sjølv.
Vekt på det språklege uttrykket
Eit anna viktig krav til essayet er at forfattaren vandrar med stil. Essayisten skal leike med språket og utnytte dei verkemidla som finst. Han står også fritt til å velje oppbygging og rekkjefølgje i teksten. Ofte kan det sjå ut som om forfattaren berre følgjer dei assosiasjonane han får undervegs i tenkjeprosessen. Likevel har han alltid ein plan, og det som verkar tilfeldig, er i røynda nøye gjennomtenkt.
Krav til forfattar og lesar
Essayisten skal vere kritisk til vedtekne sanningar og allmenne oppfatningar. Han må ha erfaring og kunnskapar nok til å få lesaren interessert, og han føreset ofte at også lesaren er ein kunnskapsrik person.
To hovudtypar
Heilt sidan essaysjangeren blei skapt på 1500-tallet, har det vore eit klart skilje mellom to hovudtypar, det personlege essayet og saksessayet. Begge essaytypane har derfor ein lang tradisjon, samstundes som dei sjølvsagt òg har endra og utvikla seg gjennom 400 år.
Saksessay
I saksessayet får den saklege argumentasjonen nokså stor plass. Over tid har framstillingsforma i saksessayet nærma seg den vitskaplege artikkelen meir og meir, med strengare krav til kjeldereferansar og upersonleg språkbruk.
Personleg essay
Det personlege essayet gir større rom for subjektive refleksjonar. Forfattaren har likevel ikkje rolla som privatperson, han skal vere ein kunnskapsrik formidlar. Å trekkje inn personlege erfaringar er derfor ikkje noko mål i seg sjølv, erfaringane må kaste lys over emnet på linje med annan informasjon forfattaren tek med i teksten sin.
Ein sjanger for dei få - eller for alle?
Johan Tønnesson, professor i sakprosa ved Universitetet i Oslo, omtaler essayet i boka Hva er sakprosa? (2008). Han meiner blant anna at ein del essayforfattarar først og fremst skriv for eit lite, akademisk utdanna publikum. Dei er meir opptekne av å bli verdsette av denne vesle lesergruppa enn av å nå ut til større grupper. Dette synest Tønnesson er uheldig, for mange fleire burde få oppleve gleda ved å lese og skrive essay.
Tønnesson ser det dessutan som mindre viktig å følgje ei tradisjonell, akademisk sjangeroppskrift til punkt og prikke. Derimot er han oppteken av det han kallar den essayistiske skrivemåten: ein utprøvande stil, med vekt på god språkleg utforming. Ein slik skrivemåte kan også brukast i andre sakprosatekstar, ikkje berre når ein skriv essay.



