Hopp til innhald

Kortfilm

Full kontroll

Kortfilmen Full kontroll (2011), regissert av Ola Martin Fjeld, skildrar rå mobbing gjennom bruk av utestengingsmekanismar, stygg ordbruk, vonde handlingar og vald.

Handlinga

Filmen opnar med at den godt vaksne læraren, Jarle, blir kalla inn på rektor sitt kontor for å snakke om klassemiljøet i klassen sin. Jarle sin samtale med rektor blir kryssklipt med scenar frå den same klassen sin gymtime. Jarle uttrykkjer at det er eit godt klassemiljø, men dei kryssklipte scenane frå gymtimen undergrev Jarle si oppfatning. Vi er vitne til ei rekkje episodar der elevar blir trakasserte, plaga, trua og utsette for valdshandlingar. Spørsmåla til rektor viser at ho veit at noko ikkje stemmer i klassen, men Jarle nektar for dette. Forstår han ikkje, eller orkar han ikkje å sjå kva som skjer?

Om regissøren

Ola Martin Fjeld er utdanna regissør ved Film- og TV-Akademiet og har jobba som regissør og produsent sidan 2007. Han har laga ei rekkje kortfilmar, reklamar og musikkvideoar og har henta heim eit knippe prisar, blant anna Best Dance Video frå U.K. Music Video Awards.

Relatert innhald

Full kontroll er ein kortfilm laga på oppdrag frå Manifest mot mobbing, eit statleg initiert tiltak mot mobbing i skulen.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.08.2020

Læringsressursar

Identitet