Oppgåve
Du arbeider med økonomi og rekneskap for Vaktmeistertenester AS og har følgjande arbeidsoppgåver i dag. Du skal blant anna gjere ferdig og behandle følgjande rekneskapsvedlegg:
Vaktmeistertenester AS | Dato: 12.12.2012 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Tekst | Konto debet | Beløp | Konto kredit | ||
|
|
|
|
Bruk sone IV for berekning av arbeidsgivaravgift. Sjå her.
a. Berekn nettolønn, ferielønn og arbeidsgivaravgift og vis korleis vedlegget skal førast i rekneskapen.
Vaktmeistertenester AS har levert åtte sekker Dolomitt strøsand à kr 65 til Granlia burettslag, Granlitopp 5b, 9999 Furunes. Vaktmeistertenester AS har adressa Postboks 54, 9999 Furunes.
Du skal sende faktura til Granlia burettslag. Bruk dagens dato som fakturadato. Betalingsvilkår: per 30 dagar. Leveringsvilkår: fritt levert Granlia burettslag. Meirverdiavgift: 25 prosent. (Andre opplysningar som telefon, e-post, heimeside og liknande kan du fritt leggje til.) Lag din eigen informasjon der du manglar opplysningar.
b. Lag ei skisse av ein faktura og vis korleis denne fakturaen skal førast i rekneskapen.
I 2011 finn vi desse tala i rekneskapen:
Dato |
| 295 | 815 | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tekst | Vedlegg nr. | Debet | Kredit | Debet | Kredit | ||||
01.01 | Inngåande balanse |
|
| 15 200 |
|
| |||
31.12 | Råbalanse |
|
|
|
|
| |||
Sum |
|
|
|
|
|
c. Vis kva som skal førast til resultat, og kva som skal førast til balanse, og forklar tala på kontoane.
I 2012 betalte bedrifta kr 199 500 i renter. Skuldige renter per 31.12.2012 er kr 15 500.
d. Vis korleis kontoane i 2012 skal førast og avsluttast.
Vaktmeistertenester AS har følgjande tal i resultatrekneskapen for 2012 | ||||
---|---|---|---|---|
| Budsjett 2012 | Rekneskap 2012 | ||
Salsinntekter | 16 200 000 | 16 120 500 | ||
Sum driftsinntekter | 16 200 000 | 16 120 500 | ||
Varekostnader | 250 000 | 234 000 | ||
Lønn, ferielønn og arbeidsgivaravgift | 5 980 000 | 6 195 000 | ||
Avskrivningar | 303 000 | 301 000 | ||
Andre driftskostnader | 8 112 000 | 8 350 000 | ||
Sum driftkostnader | 14 645 000 | 15 080 000 | ||
Driftsresultat | 1 555 000 | 1 040 500 | ||
Renteinntekter | 95 000 | 101 500 | ||
Rentekostnader | 205 000 | ? (sjå oppgåve d) | ||
Resultat før skattekostnad | 1 445 000 | 942 500 | ||
Skattekostnad |
| 263 900 | ||
Årsresultat |
| 678 600 |
e. Set opp budsjettkontroll og kommenter avvik.
Bedrifta har desse hovudpostane i balansen i 2012:
Balanse | 01.01.12 | 31.12.12 |
---|---|---|
Eigedelar |
|
|
Anleggsmidlar | 2 945 000 | 3 317 000 |
Varelager | 560 000 | 1 098 000 |
Kundefordringar | 950 000 | 1 901 000 |
Kontantar og bankinnskudd | 907 000 | 1 298 000 |
| 5 362 000 | 7 614 000 |
Eigenkapital og gjeld |
|
|
Eigenkapital | 2 453 000 | 3 395 000 |
Langsiktig gjeld | 1 069 000 | 1 416 000 |
Anna kortsiktig gjeld | 1 840 000 | 2 802 500 |
| 5 362 000 | 7 614 000 |
f. Vurder bedrifta på grunnlag av forholdstal som du bereknar frå rekneskapen.
Vurdering
Når oppgåvesvaret blir vurdert, blir det lagt vekt på om du oppfyller følgjande punkt:
Nivå 1 | Nivå 2 | Nivå 3 |
---|---|---|
Har kjennskap til berekning av lønn. | Bereknar nettolønn, ferielønn og arbeidsgivaravgift. |
|
| Lagar ein faktura. |
|
Har kjennskap til rekneskapsføring. | Bokfører rekneskapsvedlegg og forklarer posteringane. |
|
| Bereknar budsjettavvik. | Vurderer moglege årsaker til og konsekvensar av avvik. |
Gjer greie for omgrep som likviditet, rentabilitet og soliditet. | Bereknar forholdstal frå rekneskapen. | Vurderer rentabiliteten, likviditeten og soliditeten i bedrifta og gir di heilskapsvurdering. |