Hopp til innhald

Spelefilm

Fjols til fjells

I regissør Edith Carlmars kjende situasjonskomedie frå 1957 gjer portieren Poppe (Leif Juster) og pikkoloen Rudolf (Unni Bernhoft) sitt beste for å gje gjestane ved høgfjellshotellet Hurumhei ein fin påskeferie.

Handling

I opningsscena er det full aktivitet i resepsjonsområdet på hotellet. Hotellgjestane er alle tidsriktig kledde med skianorakkar, ullkufter og strikka knestrømper. Det er heilt fullt på hotellet, gjestane strøymer på, og Poppe har mykje å gjere. Telefonen ringjer og Poppe svarar med eit konsist "Hurumhei høyfjellshotell" og vidare: "Nei, fru Nilsen det er helt ulaseggjørlig, vi kan ikke oppdrive et værelse her før langt over påske."

I neste scene har hotelldirektør Granberg ein engasjert samtale med dottera si. Han er opprørt over Poppe som har bestilt ein beltebil som skal trekkje skigjestane opp på fjellet. "Gjestene skal ikke trekkes, de skal gå på ski", uttalar Granberg i ei irritert tone. Dottera til hotelldirektøren blir så send på hemmeleg visitt til hotellet for å halde eit auge med hotelldrifta. Ho kler seg ut og går inn i rolla som pikkoloen Rudolf. Det er duka for et humoristisk lystspel med forviklingar, kjappe replikkar og misforståingar.

Filmografi Edith Carlmar

  • Døden er et kjærtegn (1949)
  • Skadeskutt (1951)
  • Ung frue forsvunnet (1953)
  • Aldri annet enn bråk (1954)
  • Bedre enn sitt rykte (1955)
  • På solsiden (1956)
  • Slalåm under himmelen (1957)
  • Fjols til fjells (1957)
  • Lån meg din kone (1958)
  • Ung flukt (1959)
CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie