Hopp til innhald

Seriar

Krigens unge hjerter

Krigens unge hjerter (Unsere Mütter, unsere Väter)
er ein TV-serie frå 2013 som kastar lys over kva krigen gjorde med unge tyskarar, både dei som kjempa ved fronten, og dei som blei igjen heime.
To kvinner og tre menn poserer. Foto i svartkvitt.

Oversikt over delane

Om serien

Tv-serien fortel ei historie om andre verdskrigen frå eit tysk perspektiv. Vi får sjå korleis krigen utspelte seg også utanfor slagmarka, og korleis han påverka heile det tyske samfunnet.

Fem vener held avskjedsfest i Berlin i 1941. Dei har vakse opp i det same nabolaget og har halde saman i alle år trass i ulikskapane deira. Dei avtaler at dei skal møtast att til jul. For krigen varer vel neppe lenger enn det?

Serien utløyste både sterke kjensler og debatt då han blei vist i Tyskland. Hausten 2013 blei serien vist på NRK som tre episodar på 90 minutt. Her er han delt opp i seks delar på om lag 45 minutt kvar.

Relatert innhald

Lærarrettleiing til undervisningsopplegg knytta til serien "Krigens unge hjarte".

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Krig og konflikt