Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Samson på reise

I denne dokumentaren følgjer vi 11-årige Samson gjennom ein sommar. Han er norsk rom og reiser med familien rundt på ulike campingplassar. Samson på reise er eit unikt møte med ei befolkningsgruppe som gjennom historia har blitt utsett for diskriminering og forfølging.

Om filmen

Samson er 11 år og fortel i denne dokumentaren om korleis det er å vere norsk rom i Noreg. Om vinteren bur han som dei fleste andre i eit hus i Oslo saman med familien sin.

Når våren kjem, dreg familien ut og reiser. Dei reiser frå campingplass til campingplass for å treffe vennene sine, og vi får eit innblikk i kvardagen og kulturen deira.

Vi får bli med Samson på leik, song, dans og moro, men vi får òg sjå utfordringar og kva fordommar Samson og familien hans møter frå norske fastbuande.

Omdiskuterte nemningar

Rom utgjer den største minoritetsgruppa i Europa med rundt 10 millionar menneske, sjølv om det ikkje finst sikre tal på kor mange personar som reknar seg som rom. Gjennom historia har romane blitt omtalt på mange ulike vis, gjerne med snevre og fordømmande karakteristikkar.

Døme på nemningar som framleis blir brukte av mange i dag er "sigøynarar", "romfolk", "romanifolket" eller "tatarar". Dette er nemingar som er omdiskuterte både blant fagfolk og i dei ulike gruppene.

Ifølgje Store norske leksikon er den offisielle neminga for sigøynar no rom, og romane er anerkjende av Noreg som ein nasjonal minoritet.

Kjelder

Minken, A. (2019). Rom – etnisk gruppe. Henta 27. april 2020 frå https://snl.no/rom_-_etnisk_gruppe

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Menneskerettar