Hopp til innhald

Kortfilm

Det siste norske trollet

Det siste norske trollet (2010) er ein kortfilm laga av den russiskfødde animatøren Pjotr Sapegin. Filmen er ei slags modernisert utgåve av «Dei tre bukkane Bruse» og hentar inspirasjon frå ulike norske folkeeventyr og segner.

Handlinga

Vi møter trollet og dei tre bukkane som skal til setra for å gjere seg feite. Elles får vi eit gjensyn med både huldra og ulike førestillingar frå opphavsmytar, som for eksempel førestillinga om at eit fjell er eit forsteina troll.

Pjotr Sapegin

Pjotr Sapegin (1955– ) er ein anerkjend russisk-norsk manusforfattar, regissør og animatør. Han har nådd eit internasjonalt publikum med filmar som Huset på kampen, Aria og Gjennom mine tykke briller. Dette er filmar han også har vunne prisar for på internasjonale kortfilmfestivalar.

Med Det siste trollet viser han seg som ein filmskapar som kommenterer typisk norske tradisjonar og førestillingar. Dette gjer han på ein sorgmunter og litt galgenhumoristisk måte.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Filmanalyse