Hopp til innhald

Spelefilm

Victoria

Victoria er ein norsk spelefilm frå 2013 regissert av Torun Lian. Filmen skildrar den ulykkelege kjærleiken mellom møllarsonen Johannes og slottsherredottera Victoria. Rollene som Victoria og Johannes blir tolka av Iben Akerlie og Jakob Oftebro.

Handling

Hovudpersonen er den naturelskande møllarsonen Johannes, som forelskar seg i den unge rikmannsdottera Victoria. Ho gjengjelder kjærleiken hans, men store sosiale forskjellar hindrar dei to i å foreine kjenslene sine.

Når Victorias far får pengeproblem, bestemmer han at Victoria skal trulove seg med Otto, ein ung mann frå rik familie. Dette gjer Johannes og Victorias frustrasjon endå større, og lengselen deira ikkje mindre. Åra går, og sjølv om Johannes stadig forsøkjer å klatre oppover den sosiale rangstigen som suksessrik forfattar, må han og Victoria nådelaust erfare at å få kvarandre verkar meir og meir uoppnåeleg.

Når dødbringande sjukdom til slutt set ein endeleg stoppar for alt håpet deira, kulminerer handlinga i Victorias kjensleladde avskjedsbrev til Johannes – ein finale som har bidrege tungt til at denne fortejlinga har blitt ståande som ei av den klassiske litteraturen vår sine mest kjende kjærleiksforteljingar.

Om filmen

Filmen er produsert av Filmkameratene. Filmkameratene er kjend for store produksjonar som Max Manus og Trolljegeren. Regissør Torun Lians namn er frå før knytt til filmar som Frida – med hjertet i hånden, Bare skyer beveger stjernene og Himmelfall.

Det finst tre tidlegare filmatiseringar av Knut Hamsuns roman Victoria: på tysk ved Carl Hoffmans i 1935, på svensk av Bo Widerberg i 1979 og på latvisk av Olgert Dunkers i 1988. Med Filmkameratene sin 2013-innspeling blir boka for første gong til ein film på norsk.

Gjennom den store skildringa av ulykkeleg kjærleik – fortald i løpet av relativt få sider – har romanen Victoria blitt ein populær inngangsportal til Hamsuns forfattarskap spesielt og klassisk, norsk litteratur generelt.

Filmen gir også ein verdifull tidskoloritt frå den tida kor handlinga er sett (klede, veremåte, arkitektur, framkomstmiddel og mykje meir), noko ein i stor grad vil kunne nyttiggjere seg i samfunnsfagsundervisninga så vel som i norskundervisninga.

Hovudpersonane sine fortvilte erfaringar med uoppnåeleg kjærleik, i dåtidas samfunn kor klasseskilje var som festningsmurar mellom ulike partar, vil kunne kjennast att i fleire tilsvarande forhold i dag. Framleis lever mange menneske med forboden kjærleik.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Per Olav Heimstad og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Filmatiserte bøker