Hopp til innhald

Spelefilm

Slumdog Millionaire - Han som hadde svar på alt

Jamal Malik er 18 år gammal og foreldrelaus. Han er oppvaksen i slummen i Mumbai. No er han deltakar i den indiske versjonen av TV-programmet "Vil du bli millionær", og er bare eitt spørsmål unna hovudpremien.

Handling

Filmen handlar om Jamal Malik frå slummen i Mumbai, som er deltakar i TV-programmet "Vil du bli millionær". Korleis klarar han å svare rett på så mange vanskelege spørsmål? Har han juksa, hatt flaks, eller er han rett og slett eit geni?

Politiet mistenkjer at Jamal juksar. Før han skal tilbake til TV-programmet og svare på det siste og avgjerande spørsmålet, blir han derfor brutalt avhøyrd og torturert av politiet.

Ein serie av tilbakeblikk frå Jamal sitt liv gir forklaringa på korleis han kunne svare på spørsmåla. I det første tilbakeblikket får vi sjå korleis Jamal, som liten gut, klarar å få autografen til Bollywood-stjerna Amitabh Bachchan.

Om filmen

Filmen er regissert av den britiske regissøren Danny Boyle, som også er kjent for filmen Trainspotting. Manuset, som er skrive av Simon Beaufoy, er basert på romanen Q & A av den indiske forfattaren Vikas Swarup.

For Slumdog Millionaire – Han som hadde svar på alt kunne filmskaparane hauste heile 8 Oscar-prisar, mellom anna prisane for beste film, regi og manus. Filmen fekk dei same prisane ved Golden Globe-utdelinga i 2009.

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Filmatiserte bøker