Hopp til innhald

Kortfilm

Farukhs mynt

I Farukhs mynt møter vi dei to asylsøkjarane Farukh og Hassan. Begge ventar på beskjeden om dei skal få opphaldsløyve eller ikkje. Filmen er regissert av Susanne Falkum Løvik, og musikken er ved Eirik Myhr.

Handlinga

Asylmottaket, der fleire asylsøkjarar ventar på den skjebnesvangre beskjeden om dei skal få opphaldsløyve eller ikkje, ligg idyllisk plassert blant vestnorske fjell og fjordar. Den middelaldrande Farukh bruker ventetida på å fiske, leggje puslespel og på å trøyste dei unge asylsøkjarane som er redde for å få avslag på asylsøknaden sin.

Det oppstår eit far–søn-forhold mellom Farukh og ungguten Hassan. Saman deler dei ikkje berre rom, men også skjebne. Eller gjer dei det? Er det skjebnen, eller reint tilfelle, som avgjer kven av dei som får bli i Noreg?

CC BY-SASkrive av Eli M. Huseby.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Minoritetar, mangfald og utanforskap