Hopp til innhald

Fagstoff

Ran

Korleis kan vi førebygge ran? Korleis kan vi ta vare på eigen tryggleik under eit ran, og korleis skal vi ta vare på eiga helse etter eit ran?
Mann med pistol truar ei kvinne. Foto.

Ran

Mange menneske vil oppleve det å bli rana som svært traumatisk, og fleire ber ei slik oppleving med seg resten av livet.

Sals- og reiselivsnæringane er ikkje skåna for denne typen kriminelle handlingar, og både butikkar, hotell, attraksjonar, tilsette og gjester kan bli utsette for ran. Sannsynet for å bli rana varierer stort. Det er nok ikkje like sannsynleg at vi blir rana i Longyearbyen på Svalbard som på sentralbanestasjonen i Oslo.

Som vertskap både her heime og i utlandet bør vi gjere oss kjende med korleis situasjonen er med tanke på slike hendingar i området vi arbeider.

Terskelen for å utøve vald under ran kan vere svært ulik, og det er derfor viktig å ha gode rutinar for korleis vi skal førebygge ran, eventuelt opptre under eit ran og ha beredskapsplanar for kva vi skal gjere etter eit ran.

Ran er truslar som framkallar frykt, som fører til urettkommen vinning. Det betyr i klartekst at ranaren må komme med ein trussel før hen får med seg verdiane hen ikkje har rett på, for at det skal definerast som ran.

Førebygging av ran

Her er nokre punkt som kan vere nyttige:

  • Uvedkommande skal ikkje ha innsyn i tryggleiksrutinane i bedrifta. Informasjon om tryggleiken i bedrifta er ikkje meint for andre enn dei tilsette, og han er ofte beskytta av teiingsplikt i arbeidsreglement. Teieplikta gjeld òg storleiken på kontantbeløp som er innom kassapunktet på ein dag.

Vi må ha instruksar om

  • kvar vi skal telje pengane med tanke på innsyn
  • kven som får røre seg kvar i lokala – der det er tilgjenge forboden for andre enn dei tilsette i administrasjonen
  • korleis vi handterer kassabehaldninga. Den maksimale storleiken på kontantbeløpet i kassa bør vere så lågt som mogleg. Om mogleg bør vi ha droppsafe, eller legge overskytande pengar i ein mellombels safe, før vi tek oppteljing når vakta er slutt.
  • kameraovervaking med svært synleg merking (lovpålagt)
  • ransalarm med synleg merking
  • låsing av inngangen etter eit gitt tidspunkt på kvelden
  • god kundebehandling for å avdekke personar som er inne for å spane i lokala
  • transport av pengar. Dersom vi gjer det sjølv, må vi transportere pengane til ulike tidspunkt, med ulikt køyremønster, ulike køyretøy og ulike personar.

Åtferd under eit ran

  • Ikkje spel helt, sjølv barneranarar kan ty til vald.
  • Forsøk å opptre roleg.
  • Følg instruksane til ranaren, ikkje lyg for ranaren.
  • Prøv å observere ranaren, fokuser på nokre punkt som kan gi signalement på ranaren.
  • Tenk på din eigen tryggleik og på tryggleiken til andre menneske rundt deg.
  • Utløys ransalarmen først når du er sikker på at ranaren ikkje får med seg at du gjer det.

Etter eit ran

  • Ta hand om skadde personar.
  • Varsle politiet.
  • Varsle leiinga.
  • Varsle andre i lokalet.
  • Sikre eventuelle tekniske spor viss det finst slike. Ikkje rør!
  • Noter ned namn på vitne, oppmode dei til å vente til politiet kjem.
  • Noter ned signalement på ranar. Ikkje diskuter signalement med andre vitne.
  • Møt politiet.
  • Ikkje snakk med media.
  • Unngå å vere åleine same kvelden som hendinga.
  • Leiinga tek hand om tilsette når dei kjem til åstaden.
  • Begynn å arbeide så snart som mogleg igjen. Å vente nokre dagar med å gå tilbake til arbeidet kan forverre den mentale reaksjonen.

Gjester som blir rana

Viss ein gjest opplever å bli rana, bør vi rettleie og støtte hen i fasen rett etter ranet. Gjestene forventar å få hjelp òg i slike situasjonar, og dei er i ein svært sårbar situasjon. Det kan vere riktig å varsle leiinga, så dei kan vurdere kva som skal gjerast.

Det er gjesten som må melde forholdet, då det er gjesten som er den fornærma, men vi kan hjelpe til med det praktiske. Lag gjerne ein liten instruks for slike situasjonar, slik at vi er sikre på kva vi kan og ikkje kan gjere. Ein slik instruks kan sjå slik ut:

Dersom nokon blir rana, skal du

  • forsikre deg om at gjesten ikkje er fysisk skadd, eventuelt tilkalle ambulanse
  • hjelpe gjesten med å varsle politiet
  • hjelpe gjesten med å varsle bank, forsikringsselskap, reiseselskap og liknande
  • hjelpe gjesten med praktiske gjeremål
  • varsle leiinga

Har ranet skjedd i eigne lokale, bør du

  • sikre spor

  • ikkje sleppe inn media

  • møte politiet

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 08.02.2022

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar