Hopp til innhald

Fagstoff

Uønskte hendingar

Her skal vi seie litt om kva som ligg i omgrepet uønskte hendingar. Vi skal også seie litt om kva vi som vertskap kan gjere for å redusere konsekvensane av uønskte hendingar.
Rengjøringsassistent forulykker mens hun gjør rent på hotellrommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hendingar som brann, ran og tjuveri kallar vi for uønskte hendingar. Å sikre at gjester og personale er trygge, er eit mål som er vanskeleg å nå fullt og heilt. Det er alltid ein restrisiko, altså ein grad av usikkerheit, uansett kor godt budde vi er. Å ha ei kjensle av tryggleik – eller å skape ei kjensle av tryggleik – er ikkje det same som at vi er heilt trygge. Kjensla av tryggleik er ikkje alltid reell.

Vertskapsrolla fører vertane på lokale overnattingsstader og attraksjonar ut i den store verda, der det er heilt andre kulturar og haldningar.

Heldigvis er dei fleste uønskte hendingar slik at prinsippa for å redusere konsekvensane av dei, er dei same om vi er i Trondheim, Roma eller Kairo. Det same gjeld for prinsippa for å redusere sannsynet for at dei skal oppstå. Ein brann oppfører seg på same måten i Roma som i Trondheim, og eit hjarteinfarkt er ikkje annleis i Roma enn i Kairo.

Dei kriminelle handlingane vi skal førebyggje, kan derimot vere forskjellige i dei ulike verdsdelane.

Solide førebuingar og god kontakt med lokale styresmakter er nyttig. Det er nøkkelen til å kunne sikre gjestene og dei tilsette mot uønskte hendingar.

Kulturforskjellar og kanskje ein totalt annleis infrastruktur enn det vi er vande med i Noreg, er nokre utfordringar som vertane må vere budde på. Vi må heller ikkje gløyme at mangelen på tid er ein vesentleg faktor når uønskte hendingar oppstår. Det må vi ta omsyn til i planane våre.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Sikkerheit